Øy er særs kritisk til at styret i Helse Førde for andre gong skal drøfte nedskjeringane ved sjukehusa i fylket bak lukka dører, i eit så kalla styreseminar. - For det første er det illojalt mot vedtaket som helsedepartementet har gjort om at møta skal vere opne. Dessutan er det illojalt mot samfunnet, fordi dei undergraver og gjer noko anna enn det som er pålagt som eit prinsipp om at vedtaka skal skje med opne dører, seier han.
Lukka styreseminar
Helsedepartementet har bestemt at styremøta i norske helseføretak skal vere opne. Men i samband med styremøtet i Helse Førde neste veke skal det vere eit så kalla styreseminar der styremedlemmene skal drøfte nedskjeringane ved sjukehusa i fylket. Dette er den andre gongen at helseføretaket har eit slikt lukka styreseminar. Generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Nils E. Øy, hevdar at viktige sjukehusavgjerder for innbyggjarane i Sogn og Fjordane på denne måten vert tekne bak lukka dører.
Tore Thorsnes
- Vanleg praksis
Styreleiar i Helse Førde, Tore Thorsnes, seier at styret må kunne drøfte nokre tema som ikkje er eigna for offentlegheita. Det er vanleg at forvaltninga har denne typen seminar som klargjer dei spørsmåla som ein jobbar med, seier han. Styreleiaren nektar på at dei flyttar dei reelle vedtaka ut av styrerommet.