Hopp til innhold

Kritisk situasjon i fylket

Situasjonen i Sogn og Fjordane er kritisk. Både straum- og telenettet er nede i fleire kommunar. Innbyggjarane i Gloppen, Hornindal og Stryn vil truleg ikkje få igjen straumen i dag.

"Dagmar" sine herjingar i Eid

KRITISK: Leiinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune skildrar situasjonen i Sogn og Fjordane som kritisk. Fleire stader har uvêret gjort store skader, og mange stader har ein ikkje oversikt. Biletet er frå sentrum av Nordfjordeid.

Foto: NRK/Heidi Lise Bakke

Fylkesmann Anne Karin Hamre kalla i dag inn til eit krisemøte i fylkesberedskapsnemnda for å få ein oversikt over situasjonen i Sogn og Fjordane.

Situasjonen på vegane er no under kontroll, langt verre er situasjonen for kraftselskapa og nettselskapa.

Utan straum

Straumen er framleis vekke i store deler av fylket. Kommunar som Vågsøy, Eid, Hornindal, Stryn og Bremanger er blant dei mange som er utan straum. Det same gjeld fleire kommunar i Sogn.

Men situasjonen vil betre seg i løpet av kvelden, og kraftselskapa håper straumen vil kome igjen på mange tettstader.

– Innbyggjarane i Gloppen, Hornindal og Stryn vil truleg ikkje få igjen straumen i dag, seier nettsjef Asgeir Aase i Sogn og Fjordane energi.

Utan teledekning

Fleire av dei straumlause kommunane er også utan nett- og teledekning. Det betyr at Helse Førde og brannvesenet har store utfordringar på kommunikasjons- og beredskapssida.

Dei kjem ikkje i kontakt med fleire kommunelegar, og derfor har Fylkesmannen bede alle om å få tak i så mange satellittelefonar som mogeleg.

Eid har no fått ein satellittelefon, det same vil Gloppen få i løpet av kvelden. Målet er at kvar kommune skal ha eit satellittpunkt, men det kan ta tid.

Bremanger utan kontakt

Fylkesmannen har i heile dag forsøkt å få kontakt med representantar frå kommunane Bremanger og Hornindal, utan å lykkast. Ein heilt uvanleg situasjon i Sogn og Fjordane.

Så uvanleg er situasjonen at det blir vurdert å sende ein ordonanse til Bremanger for å få ein orientering om situasjonen. Det blir også jobba med å få kontakt med Hornindal.

Festkveld i dårleg ver

Kvar tid telenettet kjem tilbake er uvisst. På det meste var over 300 mobilstasjonar i heile fylket slått ut.

Både sivilforsvaret og heimevernet har sagt seg villig til å hjelpe kraftselskapa med å rydde opp etter herjingane som råka linjenettet, og som har lamma fylket.

Fylkesmann Anne Karin Hamre ber også folk som skal ut i kveld om å ta det roleg. 2. juledag er ein festkveld, men det er meld om dårleg ver og naudetatane har problem med varslinga.

– Så ta det pent og roleg på ein vanskeleg dag for mange, seier Hamre.