Set inn Heimevernet

Sivilforsvaret reiser til Stryn og Eid for å undersøke om folk treng hjelp. Fylkesmannenhar kalla inn til krisemøte i ettermiddag.

Det er fylkesmannen som har ansvaret for beredskapen når det oppstår kriser som no i kjølvatnet av uveret.

På grunn av manglande telefonsamband får ikkje fylkesmannen kontakt med kommunane som har ansvaret for den lokale beredskapen.

- Vi har bede Sivilforsvaret reise til Stryn og Eid for fysisk å ta kontakt med kommuneleiingane for å høyre om det er behov for hjelp, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

Fylkesmannen har og fått lovnad om hjelp frå Heimevernet til å setje opp naudsamband slik at kommunane og redningsetatane kan kommunisere. Hamre er spesielt uroa for at eldre som bur åleine ikkje skal få den hjelp dei treng. Ho har erfaring med at det kan oppstå problem med tryggleiksalarmar når straumen vert borte.