Hopp til innhold

Krisesenteret jobbar med nybygg i Florø

Krisesenteret i Sogn og Fjordane har behov for meir plass, og planane om eit nybygg i Florø nærmar seg ei realisering.

Wenche Hovland

GJENNOMFØRBART: Det meiner dagleg leiar Wenche Hovland om planane om eit nybygg ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi planlegg eit nytt bygg ved sidan av det vi har no. Slik skal vi fylle kravet om å gje eit likeverdig tilbod til alle, også dei sårbare gruppene, seier dagleg leiar ved Krisesenteret, Wenche Hovland.

– Vi har for liten plass

Krisesenteret ligg i Florø, og er eit samarbeid mellom alle kommunane i fylket. Senteret skal ta vare på personar som ikkje kjenner seg trygge i eigen heim, til dømes på grunn av vald og truslar. Dei har både butilbod og dagtilbod.

Etter lov om Krisesenter frå 2010 har alle krav på hjelp ved senteret, og senterleiinga har lenge sett at dei har behov for ein større bygningsmasse.

– Då vi planla det nye huset som vi flytta inn i tilbake i 2011, burde vi ha bygd eit større hus. Vi ser at det er for lite, og difor vil vi no bygge eit nybygg like ved, seier Hovland.

Brukarane ved senteret har i dag meir samansette problem enn tidlegare. Pågangen av personar med psykiske lidingar, aktive rusbrukarar og andre med spesielle behov har auka.

– For dei som treng eit skjerma tilbod

I nybygget er det planlagt bygd ti leilegheiter som skal huse personar som treng langtidsoppfølging og personar som treng skjerming frå andre.

– Åtte av leilegheitene er tenkte som overgangsleilegheiter. Dette er for menneske som har behov for oppfølging over tid, men som ikkje er klare for å flytte ut på eiga hand. Samtidig har dei ikkje lenger behov for krisesentertilbodet, seier Hovland.

Dei to siste leilegheitene er tenkt til menneske som har behov for eit meir skjerma tilbod, til dømes psykisk sjuke eller menneske i aktiv rus, ifølgje Hovland.

Teikningane er klare, og det blir no jobba med reguleringsplanen. Hovland seier dei skal greie seg utan kommunal finansiering, og at overgangsleilegheitene vil vere sjølvfinansierte gjennom leigeinntekter. Det vil også bli søkt om tilskot gjennom Husbanken.

– Vi meiner dette er gjennomførbart. Det er ei god investering og det vil heve kvaliteten for krisesentertilbodet, seier Hovland.