Hopp til innhold

Rekordmange trong hjelp frå krisesenter

Tøffare økonomiske tider og ein vanskelegare verdssituasjon er årsaker som blir trekte fram.

Krisesenter Kristiansund-2

STOR PÅGANG: Krisesenter over heile landet merkar pågang frå folk som treng ein trygg plass å bu eller hjelp.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I mange heimar over heile landet senka aldri freden seg denne jula. Fleire vaksne og born måtte rømme til eit av landets 44 krisesenter.

Fleire stader var det fullt, mellom anna på landets nest største krisesenter, Romerike. Også i Bergen var det fullt belegg.

Dei dystre tala for desember avsluttar eit heller mørkt 2022.

Fleire av krisesentera NRK har fått tal frå, syner ein auke i folk som trong ei trygg seng å sove i.

Fleire senter opplever også ei stor auke i folk som ringer og ber om råd og hjelp, såkalla dagbrukarar.

Stor auke i menn som treng hjelp

Hos krisesenteret for Bergen og omland kom det i fjor 200 vaksne og born. Dette er 40 fleire enn i 2021.

Dagleg leiar Pia Krüger Grönqvist trur etterverknadane etter pandemien er ei av årsakene til at fleire søkjer hjelp hos dei.

– Folk har mangla det pusterommet dei har til vanleg, seier den daglege leiaren.

Mange krisesenter såg derimot ein nedgang under pandemien.

Krüger Grönqvist trur også den urolege verdssituasjonen er årsaka til at dei no ser eit oppsving.

– Mange får også dårlegare økonomi, noko som også kan spele inn, seier ho.

Krisesenter Kristiansund

Det er stort sett kvinner og born som søkjer hjelp, men talet på menn som tek kontakt, har nærast eksplodert i 2022.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Les også Vold i nære relasjoner: – Usikre på om det de opplever er alvorlig nok

Krisesenteret i Tromsø. Her er det også tilrettelagt for barn. Bildet viser flere av barnebøkene de har tilgjengelig.

Fleire menn treng hjelp

Det er stort sett kvinner og born som søkjer hjelp, men talet på menn som tek kontakt, har nærast eksplodert i 2022.

Frå om lag tre menn årleg, var det i fjor 16 menn som budde på krisesenteret.

– Det er veldig spesielt. Vi har aldri før hatt så mange menn hos oss, seier Krüger Grönqvist.

1 av 3 som er utsette for mishandling i nære relasjonar er menn.

– Vald er meir enn slag og spark. Det kan vere økonomisk vald eller sosial kontroll. Det kan også vere at dei har barn med nokon som kjem frå kulturar der oppdragarvald eller det å slå partnaren sin er akseptert, seier ho.

Nasjonale tal syner at over 70 prosent av dei som bur på krisesenter ikkje er etniske norske.

– Det kan ha med at norske kan søke hjelp hos vener og familie. Om du kjem frå ein kultur med tvangsgifte, æreskultur eller sosial kontroll, kan nettverket ditt vere like farleg som den som utøver valden, seier Krüger Grönqvist.

Trur auken held fram i år

Landets nest største krisesenter, Romerike, har også lagt bak seg eit dystert 2022.

– Fjorårets tal ser ut til å bli dei høgste nokon gong. Senteret har vore meir fullt og fleire har teke kontakt, seier dagleg leiar Hege K. Edvardsen.

Dei siste åra har kring 250 søkt vern hos dei, men i 2022 ser talet til å bikke 300.

Men den største auken har vore i dei som nyttar seg av dagtilbodet deira. Det vil seie samtaler og rådgjeving.

Her ser dei ut til å passere 900 førespurnader.

– Det er det største nokosinne, seier Edvardsen.

Ho peiker på at uro for økonomi og helse har auka på dei siste åra, som er ein risikofaktor for vald.

– Kva tenkjer du om 2023 i lys av den verdssituasjonen vi no står oppi?

– Vi er førebudde på at vi framleis vil få ein auke, og vi riggar oss for dette på mange område, seier Edvardsen.

Krisesenter Kristiansund-4

Fleire krisesenter hadde ein auke i fjor. Ein av dei er Nordmøre Krisesenter IKS.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Meir og grovare vald

Gjennom pandemien var det ein liten nedgang i talet som søkte hjelp hos norske krisesenter. Det fortel Ane Fossum, leiar i Krisesentersekretariatet.

Ho seier at dei nasjonale tala for 2022 først blir klare i juni.

Tal frå 2021 syner at 3237 vaksne og born budde på eit krisesenter.

I Molde har krisesenteret hatt stor pågang heilt sidan påska i fjor.

– Når nokon har flytta inn, har det kome inn nokon nye med ein gong, seier dagleg leiar June E. Obam.

Dei hadde over 4000 overnattingsdøgn i fjor. Det er det høgste talet nokosinne, fortel Obam.

– Det er ikkje sikkert at vi har fleire brukarar, men dei som kjem har vore her lenger. Vi ser at sakene er grovare, meir kompliserte og med fleire typar vald, seier ho.

Barnehender på veggen, Krisesenteret i Stavanger

Mange born har i løpet av det siste året budd på eit krisesenter når livet heime har blitt utrygt.

Foto: Ninnie Therese Rogne Nilsen / NRK

Også i Florø, ved krisesenteret i Sogn og Fjordane, seier dagleg leiar Anja Korneliussen at tala aukar jamt og trutt. Dei husa 80 personar i fjor og hadde 500 dagbrukarar.

Tala er ganske like fjoråret, men Korneliussen ser at folk bur lengre på senteret når dei først kjem inn.