Hopp til innhold

Ventar flaumtopp i løpet av helga

50 bebuarar i 20 husstandar i Fortunsdalen i Luster risikerer å måtte evakuere dersom jøkulhlaupet frå Harbardsbreen eskalerer. Natt til laurdag har vasstanden auka litt.

Ivar Kvalen

FORSEINKING: Ordførar Ivar Kvalen (Sp) seier forseinking i vassdraget gjer at dei har god kontroll på situasjonen. – Frå vi registrerer auke i vasstanden til demninga ved Fivlemyr, har vi fem timar til vi registrerer auken her nede, seier han.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Frå i går kveld har vi hatt stabil avrenning frå innsjøen oppe på breen og ned til Fivlemyrmagasinet. Det har vore litt aukande, men ikkje mykje, seier Jan Idar Øygard frå Hydro klokka 07.30 laurdag.

Øygard har i natt overvaka situasjonen som gjer at 50 innbyggjarar i Fortunsdalen er varsla om evakuering, og seier situasjonen førebels er under kontroll.

– Vi ventar at løpet under breen opnar seg meir, slik at det kjem meir vatn ettekvart.

Planlagd auka vasstand

Og det bur Hydro seg for. Folk nede i dalen kan ha merka ein auke i vasstanden i Fortunselva i dag. Grunnen er at Hydro har tappa ut frå magasinet på Fivlemyr, for å kunne ta i mot meir av vatnet som er venta frå bresjøen.

– Me har auka vasstanden frå litt over 40 kubikk i går kveld til litt over 60 kubikk i dag. Det er for å kunne ta i mot meir i Fivlemyr-magasinet, og gjere flaumtoppen mindre, seier Øygard.

50 personar i faresona

Politiet melde like før midnatt at vasstanden ikkje hadde auka i vassdraget. Men tidlegare på fredagskvelden, kring klokka 21, fortalde ordførar Ivar Kvalen (Sp) at vasstanden auka sakte men sikkert i vassdraget.

Situasjonen er framleis under kontroll og politiet har førebels ikkje sett det naudsynt å evakuere nokon av dei kring 50 personane som bur utsett til.

Dei fekk tidlegare fredag evakueringsvarselet då det vart klart at den oppdemde bresjøen under Harbardsbreen var i ferd med å tømme seg for vatn.

bilde av smeltevann på Harbardsbreen i Sogn

TØMMER SEG: Både i 2010 og i 2015 har vatn fått samle seg lenge før bresjøen byrja å tømme seg. Også for fem år sidan vart det sendt ut evakueringsvarsel, då utan at nokon vart evakuerte.

Foto: HYDRO / NTB scanpix

– Hydro og NVE følgjer situasjonen time for time utover natta. Det er ein så pass forseinking i vassdraget at når ein ser at vasstanden aukar merkbart så har ein tid til å setje i verk ei evakuering dersom det blir behov, seier Kvalen.

Flaumtopp laurdag

Sidan delar av sjøen ligg under breen er det vanskeleg å estimere kor mykje vatn som er der. Ut frå erfaringar er mengda estimert til kring 5,5 millionar kubikkmeter.

Dersom tømminga skulle skje fort, kan det medføre skade nedover Fortunsdalen. Det er venta at flaumtoppen truleg vil komme i løpet av laurdagen.

– Erfaringa seier at tømminga startar seint til vatnet har tina opp så pass mykje is under breen at vatnet aukar merkbart. Då vil uttømminga av det oppdemde bassenget eskalerer, seier Kvalen.