Hopp til innhold

Fare for storflaum i Luster

NVE varslar fredag ettermiddag at det kan kome store mengder vatn i Fortunsdalen i Luster. Politiet i kommunen har sett krisestab og det blir vurdert evakuering av innbyggjarar.

NVE varslar fredag ettermiddag at det kan kome store mengder vatn i Fortunsdalen i Luster. Politiet i kommunen set krisestab og det blir vurdert evakuering av innbyggjarar.

SYNFARING: Mannskap frå NVE er fredag i området over Harbardsbreen i Luster. På videoen ser du bresjøen med dei store vassmengdene som NVE fryktar kan kome nedover Fortunsdalen. (FOTO: NVE).

SISTE: Politiet har bestemt seg for å førebels ikkje evakuere åtte til 15 husstandar i Fortunsdalen

Store vassmengder som har demt seg opp på Harbardsbreen i Luster er i rørsle, og det er venta at dette vil utløyse eit såkalla jøkulhlaup.

NVE opplyser at hydrologane som har vore området i dag har observert at det oppdemde vatnet på breen no er ein meter lågare, og at det er stor vassføring ut brefronten. Ifølgje NVE vil jøkulhlaupet gå anten fredag eller laurdag.

Politiet i Sogn og Fjordane opplyser like før klokka 15 at mannskap frå Røde Kors no dreg innover i Fortunsdalen for å varsle turgåarar og teltarar i området.

– Vi vurderer evakuering

– Vi har i lengre tid sett ei gryande utvikling på at vi har eit jøkulhlaup som kan komme. NVE har hatt to personar i felt i dag som har gjort observasjonar som tilseier at det kan vere ein situasjon under utvikling, seier regionsjef i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Brigt Samdal til NRK.no like før klokka 14 fredag ettermiddag.

Samdal forklarar at eit jøkulhlaup er det som skjer når mykje vatn i ein bredemt sjø tømmer seg i elva nedanfor breen. Med bakgrunn i dette er Luster kommune og politiet varsla om situasjonen, seier regionsjefen.

Bilde av smeltevann på Harbardsbreen i Sogn.

SMELTEVATN: Smeltevatn på Harbardsbreen i Luster.

Foto: HYDRO / NTB scanpix

– Vi har etablert krisestab og skal ha møte no for å diskutere tiltak og leggje ein plan for resten av dagen, seier Asle Karoliussen, lensmann i Luster.

– Er det busetnad eller folk som kan vere truga?

– Politiet vurderer evakuering og førehandsvarslar evakuering slik at folk er budde på at ting kan endre seg, seier lensmannen til NRK.no like før klokka 14.

– Ein venta situasjon

Brigt Samdal i NVE seier det som no er i ferd med å skje er noko dei har venta på.

– Det er anten kraftig nedbør eller stor snøsmelting, som vi har no, som kan vere med å utløyse ein slik situasjon.

– Det er ikkje så mykje anna å gjere enn å følgje med på dette. Mesteparten av vassmassane vil bli fanga opp av vassmagasinet Hydro har i området. Men om anslaga våre er riktige vil det vere så mykje vatn at noko vil gå vidare og kome nedover i Fortunsdalen, seier Samdal.

– Det er ingen stor dramatikk knytt til dette, men det er så store volum at vi ikkje kan ta sjansar på at det skjer uønskte hendingar.

– Ikkje snakk om ei plutseleg punktering

Seinast i 2010 gjekk det eit jøkulhlaup ved Hardbardsbreen i Luster. Sjef på seksjon for bre, is og snø i NVE, Rune Engeset, seier det den gong var snakk om fem millionar kubikkmeter med vatn. Det vil truleg vere like mykje, eller meir, denne gongen.

– Eit jøkulhlaup startar ganske sakte med at det blir laga ein tunnel under isen. Etter kvart vil det renne meir og meir vatn under isen, som så smeltar tunnelen og så kjem det meir og meir vatn etter kvart som tunnelen opnar seg.

– Ofte byrjar det forsiktig, og så går det nokre timar, kanskje eit døgn før vassføringa er på maks, mellom eitt og to døgn etter at det starta, seier Engeset.

Fortunsdalen