Hopp til innhold

Igjen blir heimen deira trua av Fortunselva

– Det er sjølvsagt ei ubehageleg kjensle, seier Sonja Bjørnevåg i Fortunsdalen. Nok ein gang er dei varsla om at dei kan måtte evakuere garden ved Fortunselva.

Sonja Bjørnevåg med borna

VARSLA: Sonja Bjørnevåg (i midten bak), ektemannen John Rolf Bjørnevåg og dei fire borna deira går nokre spennande døgn i møte.

Foto: Privat

Traktoren vart berginga då store nedbørsmengder førte til flaumstor Fortunselv i 2009 .

For fem år sidan vart dei varsla om evakuering då tapping av to bresjøar medførte uventa stort tilsig i vassdraget. No er familien med fire born i alderen tre til 12 år varsla på nytt.

– Vi har vore borti dette før og tek det førebels med ro, seier Sonja Bjørnevåg.

Smeltevatn trugar

Garden deira ligg lågt i terrenget, og er utsett om elva skulle flaume over oppe i dalen. Slik ho gjorde under haustflaumen i fjor og i 2009.

Som i 2010 er bresjøen ved Harbardsbreen byrja å tømme seg for vatn. Skjer dette raskt, kan det føre til store skader nedover Fortunsdalen.

Huset til foreldra til Sonja Kristin Bjørnevåg

2009: Slik såg huset til foreldra til Sonja Bjørnevåg ut etter flaumen i 2009.

Foto: Oddny Urnes

– Ein håpar det går bra. Eg tenkjer mest på kjellaren til mamma og pappa som fekk mykje skade i 2009, seier Bjørnevåg.

Ventar med å evakuere

Politiet vurderer å evakuere åtte til 15 husstandar.

Asle Karoliussen

VENTAR: Lensmann Asle Karoliussen i Luster seier dei førebels ventar med å evakuere innbyggjarar i Fortunsdalen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi kan få ein situasjon som tilseier at dei som bur mest utsett til ikkje skal sove i husa sine i natt, seier lensmann Asle Karoliussen.

– Det er vi budde på, og det skal vi ordne. Det er alltids naboar ein kan søkje til, seier far til Bjørnevåg, Jakob Øygard.

– Skremmande

Øygard tykkjer det er skremmande at elva igjen truar hus og heim.

Røde Kors leitar etter turgåarar og camparar i Nørstedalen, og vegen er stengd. Hydro har alle sluser opne, og tappar demninga ved Fivlemyrane for 35 000 kubikkmeter vatn per time.

NVE varslar fredag ettermiddag at det kan kome store mengder vatn i Fortunsdalen i Luster. Politiet i kommunen set krisestab og det blir vurdert evakuering av innbyggjarar.

SJÅ VIDEO: Slik såg det ut i bresjøen ved Harbardsbreen fredag føremiddag. – Vi har jøkulhlaup kvart år, men det spesielle for 2010 og 2015 er at det har gått veldig lang tid før bresjøane slepp vatnet. Åra imellom har sjøane blitt tømde så tidleg at ein nesten ikkje merkar det, seier Jonny Bruheim hos Hydro.

Ein ventar eit tilsig i vassdraget på minst 5,5 millionar kubikkmeter vatn.

– Det er skremmande at dette skjer igjen. Det er store vassmengder, men samstundes ei lukke at det ikkje kjem nedbør i tillegg, slik som tidlegare, seier Øygard.

Som ein foss gjennom tunet

I 2010 vart det meste av vatnet tømt over 60 timar. Sjølve jøkulhlaupet varte i over 80 timar. Då vart to bresjøar tappa for 5,5 millionar kubikkmeter vatn.

Om det tek dagar også denne gong, vil det gå bra.

– Men 2009 sit framleis som ein støkk i oss. Då kunne det gått skikkeleg gale. Elva rann som ein foss gjennom tunet og vi rømte med traktoren. Frykteleg nifst, seier Øygard.

Innleiande fase

Jonny Bruheim i Hydro seier i 19-tida fredag at vasstanden ikkje har auka utover fredagen.

Førebels ser det ikkje dramatisk ut.

– Men vi er framleis i den innleiande fasen, og den varte i kring 20 timar i 2010. I den fasen auka vasstanden. Så hadde vi eitt døgn med noko høgare vassføring, før det minka, seier Bruheim.