Hopp til innhold

KrF-leiar rysta over nedlegging

Tidlegare helseminister Dagfinn Høybråten reagerer kraftig på at nærsjukehuset i Florø vert nedlagt i si noverande form.

Dagfinn Høybråten
Foto: Gilbert, Jeff / SCANPIX

Helse Førde vedtok fredag ettermiddag samrøystes å leggje ned nærsjukehuset i si noverande form. Det betyr at 12 sengeplassar forsvinn, men at den polikliniske verksemda vil halde fram i nye lokale.

Det var Høybråten som vedtok opprettinga av nærsjukehuset. No seier han at styret i Helse Førde bryt med kva regjeringa har sagt i Soria Moria-erklæringa. Han trur Brustad vil gripe inn:

Høyr: Dagfinn Høybråten rasar mot nedlegging

Høybråten seier at nærsjukehuset var politisk bestemt og at helseministeren må ta ansvaret og i så fall sjølv ta avgjerda om å leggje ned.

Høyr: Clara Øberg om nærsjukehuset i Florø

KVA MEINER DU? Bør nærsjukehuset leggjast ned?

Ikkje avklara med departementet

Helse- og omsorgsdepartementet seier ei nedlegging av Nærsjukehuset i Florø ikkje er avklara med dei. Men helseminister Sylvia Brustad vil ikkje kommentere saka. Departementet vil først ta stilling til saka dersom også Helse Vest vedtek å legge ned nærsjukehuset.

Ok i Helse Vest

Styreleiaren i Helse Vest Oddvar Nilsen meiner styrevedtaket i Helse Førde om å legge ned sengeplassane ikkje er i strid med føringane frå regjeringa.

Han seier han er kjent med at Helse Førde skal legge ned dei 12 sengeplassane men at poliklinikkane vil halde fram i nye lokale.

Nilsen seier at dei ikkje vil gripe inn i denne saka.

Helse Førde-styret

Styret vedtok fredag ettermiddag å samrøystes leggje ned nærsjukehuset i Florø. Adm.direktør Jon Bolstad og styreleiar Clara Øberg sit ved bordenden.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK