- Di eldre dei blir, di verre blir det å lære seg å symje, seier klassekontakt Irene Hagen Lunde. No har elevar og foreldre sett ned foten og sendt brev til Gaular kommune der dei krev at dette kjem i gang etter nyttår.
Arkivfoto NRK/Puls
- Bør kunne berge seg sjølv
Irene Hagen Lunde synest det er viktig at borna lærer seg å symje. - Sogn og Fjordane er omgitt av sjøar, vatn og elvar. Uansett kvar du er, så er det kort veg til vatn, og ein 11-åring bør kunne berge seg sjølv, seier klassekontakten, som er uroleg for elevane.
Avgjerd i desember
På grunn av den dårlege kommuneøkonomien vart symjetilbodet ved skulen kutta for nokre år sidan. Men saka skal no opp i kommunestyret i desember.
- Håpar vi får det til
Om elevane ved Sande skule får symjeundervisning etter nyttår torer ikkje ordførar Jenny Følling å love. - Men eg skal love å ta spørsmålet på alvor, og eg håpar at vi får det til. Vi må vurdere symjetilbodet opp mot andre tiltak, men det er klart at vi vil vurdere bassenget når det har vore stengt så lenge, seier ho.