Hopp til innhold

Krev klarare verneforskrifter for laksefjordar

Landsmøtet i Naturvernforbundets krev at regjeringa vedtek tydelege retningsliner for nasjonale laksefjordar og elvar.

Engebø og Førdefjorden

BETRE VERN: Førdefjorden vart vedteken som nasjonal laksefjord i 2007.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Førdefjorden vart vedteken som laksefjord i 2007.

– Når eit gruveselskap kan dumpe avfall rett i ein nasjonal laksefjord, er det ikkje lett å forstå korleis dei har fått« særleg vern», slik det vart lova. No må regjeringa forklare kva særleg vern betyr, seier Marit Vøien Nes i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Laksefjordane må bevarast

Denne helga er Naturvernforbundet samla til landsmøte i Sarpsborg. Der har dei vedteke ein klar beskjed til regjeringa: Nasjonale laksefjordar og -elvar treng tydelegare vern frå regjeringa.

Norge har ein tredjedel av den attverande bestanden av nordatlantisk villaks, og har ansvar for arten under den Nordatlantiske laksevernkonvensjonen (NASCO). Men villaksen er truga frå både oppdrett, inngrep og ureining.

– Dei nasjonale laksevassdraga og laksefjordane er oppretta for å sikre minst mogleg negativ påverking på laksen, og er ein viktig del av arbeidet for å bevare villaksen vår. No treng den tydelegare vern, seier Vøien Nes.

Særleg vern

Naturvernforbundet peikar på at lakseturismen også er ei næring som representerer ei årleg omsetning på 1,3 milliardar kroner, og er avhengig av god økologisk forvalting.

– Då er det viktig at nasjonale laksefjordar og laksevassdrag blir forvalta i samsvar med Stortinget sine intensjonar om å bevare villaksen og gje eit særleg vern til dei 52 nasjonale laksevassdraga og 29 nasjonale laksefjordane, seier Vøien Nes.