Åslaug Haga. Foto: Scanpix
Hestadgrend er snart den einaste bygda i Gaular som ikkje har breiband. Innbyggjarane har i over eitt år kjempa for å få breiband. Kommunen har ikkje løyvd pengar til utbygging.
- Lovnadsbrot
Under valkampen i fjor haust gjekk Senterpartiet høgt ut og lova satsing på utbygging av breiband i distrikta. Når kommunalminister Åslaug Haga kjem til Gaular i dag må ho svare for lovnadene.
- No må Haga vise at ho meiner alvor, seier Åshild Seljesæter frå Hestagrend.
- Det er løftebrot om ho i dag ikkje kan leggje fram ein plan for utbygging av breiband i distrikta, seier Seljesæter.
Trugar med å flytte
Ho fortel at bygda er heilt avhengig av ny teknologi. Fleire har sagt dei vil flytte frå bygda om det ikkje vert bygt ut breiband.
- Vi hentar jo all informasjon på Internett. Vi lever som folk flest. Mange har heimekontor og vi har reiselivsbedrifter som er under utvikling. Vi er ute av konkurransen om vi ikkje får breiband no, er bodskapen frå Seljesæter i Hestadgrend.