Reiarlaget Artic Shipping AS har dei seinare åra satsa på fiskefôrbåtar. I juni i fjor fekk selskapet overlevert ein båt til 75 millionar kroner, og seinast i april i år tinga selskapet ein ny båt til 85 millionar kroner hjå eit verft på Sunnnmøre.
I samband med bygginga av den siste båten aukar førdereiarlaget talet på tilsette med åtte, og får totalt 40 tilsette.
Ein av dei tre eigarane i Artic Shipping AS er den tidlegare stortingspolitikaren frå Krf, Per Sævik. Gjennom selskapet Havila har han ein eigarpost på 34 prosent. Sævik fekk kraftig kritikk for si dobbeltrolle i samband med dei økonomiske problema ved Havyard Eid. Sævik var eineeigar av Havyard Eid samstundens som han eigde 34 prosent av reiarlaget Artic Shipping.
Kreditorane reagerte på at dei økonomiske vanskane ved verftet ikkje blei gjort kjende før etter at båten Artic Shipping hadde til bygging var levert.
Den andre sentrale personen i Artic Shipping er dagleg leiar Ove Nikolai Vilnes. Han er også styreleiar i Atløy Invest som eig 49,5 prosent av aksjane i Artic Shipping As. Han har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentarar.
No stemnar altså skipskranprodusenten Dreggen Crane AS i Bergen førdereiarlaget for skifteretten. Bakgrunnen er eit større pengekrav som kranprdousenten har hatt uteståande hjå Artic Shipping AS. Kravet har dei hatt uteståande så lenge at dei no ikkje lenger såg anna utveg enn å krevje førdeselskapet konkurs, i håp om at det skal få førdereiarane til å opne pengeboka. Ingen i Dreggen Crane vil kommentere konkurskravet dei har retta mot førdefirmaet.