Hopp til innhold

Krev 630 000 for tap av bassengtid

Symjebassenget i Trivselshagen i Gloppen har i heile år vore stengt etter at flisene i bassenget losna. No krev fylkeskommunen å få refundert 630 000 kroner, som er deira del av leigeutgiftene.

Trivselshagen på Sandane stengt

FRAMLEIS UTAN VATN: Bassenget i Trivselshagen har stått utan vatn i snart eitt år, no kjem pengekrava.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi kjem med dette kravet fordi bassenget har vore stengt sidan tidleg i år, slik at vi ikkje har fått den bruken som vi skulle ha ifølge leigeavtalen, seier assisterande fylkesrådmann Paal Fosdal.

Bassenget har i heile år stått utan vatn etter at det i fjor haust vart oppdaga problem med flisene. Flisene skulle halde i 30 år, men i fjor haust, berre tre år etter opninga losna dei. Dermed har bassenget vore stengt for badegjester medan diskusjonen har gått om kva som må gjerast og ikkje minst kven som har ansvaret . No kjem også rekningane frå dei som har betalt for bassengtid.

– Dette er noko vi har venta på. Dei betaler leige for eit areal, og slik det har vore med bassenget så har vi på ein måte venta på eit slikt krav, seier Anniken Rygg, som er dagleg leiar i Trivselshagen IKS.

Anniken Rygg i Trivselsbadet

VENTAR FLEIRE KRAV: Anniken Rygg er dagleg leiar i Trivselshagen IKS.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ventar fleire krav

– 630 000 kroner er mykje pengar, og vi ventar på eit tilsvarande krav frå Gloppen kommune. Det er tungt for selskapet å få slike krav, men det er noko vi må forhalde oss til, seier Rygg.

Trivselshagen leigde inn konsulentfirmaet SINTEF for å gjere byggtekniske vurderingar av årsakssamanheng og omfang. Rådet deira var like nedslåande som det var klart. Dei gamle flisene måtte vekk, og nye fliser leggast.

Men midt oppe i alle problema ser Rygg også eit lyspunkt.

– I dag er det for så vidt ein gledens dag, for i dag er dei har dei byrja å henge opp igjen dei første flisene, seier Rygg.

Bassenget i Trivselshagen i Gloppen

NYE FLISER: Går alt etter planen med monteringa av dei nye flisene, håpar Trivselshagen å kunne opne bassenget igjen i byrjinga av mars neste år.

Foto: Anniken Rygg

Håpar på opning i mars

Skadane på bassenget har vore stor og kompliserte, og difor også arbeidet med å utbetre dei lang tid.

– Det har og vore ein lang periode der vi har jobba med å avklare årsaker og ansvar, seier Rygg.

– Når reknar du med at dei første badegjestene igjen kan ta bassenget i bruk?

– Med atterhald om at det kan dukke opp uføresette ting, men slik det no ser ut så trur vi at vi skal vere oppe å gå igjen i byrjinga av mars neste år, seier Rygg.