Hopp til innhold

Framleis ikkje samde om kven som skal betale for «skandalebassenget»

SANDANE (NRK): Trivselsbadet på Sandane blir neppe opna att til jul, og det er enno strid om kven som skal betale for at bassenget er tørt.

Trivselshagen basseng

IKKJE EIN DROPE: Dei to bassenga i Trivselsbadet på Sandane har vore stengde sidan januar.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er ein veldig kjedeleg og ein veldig trasig situasjon vi er oppe i. No har vi fullt trykk på å få dette til så snart det lar seg gjere, seier dagleg leiar Annikken Rygg i Trivselshagen IKS merkar presset.

I januar stengde det nye påkosta Trivselsbadet i Gloppen etter å ha vore ope i litt over tre år. Problemet var at fliser i bassenget losna og Rygg trudde den gongen stenginga skulle vare vel ein månad.

Store skadar

Men det var langt frå sanninga, skadane var større enn venta, begge bassenga må rehabiliterast, og folk møter stengde dører truleg minst til jul.

– Korleis er det mogleg at eit splitter nytt badeanlegg kan bli stengd i eitt år?

– Den tanken forstår eg, men det er omfattande og kompliserte anlegg og når først skaden er avdekka, må vi gjere eit ordentleg og skikkeleg arbeid når det gjeld å utbetre den, seier Rygg.

Kosta 120 millionar

Trivselsbadet var størstedelen av ei samla kommunal investering på 120 millionar kroner for fire år sidan, og inneheld to basseng, vassklie og stupetårn. Men stoda no er langt frå triveleg vedgår ordførar Leidulf Gloppestad frå Senterpartiet.

– Eg tykkjer det er trasig at det har gått så lang tid. Vatn i bassenger er 1.-prioritet, og det er noko begge partar er samde om. Prosessen som har vore er skuffande, det må eg som ordførar seie. Så er eg veldig glad for at IKS og entreprenøren har kome i dialog.

I fylgje Annikken Rygg er arbeidet med å renovere bassenget i gang for fullt, etter at ting lenge stod stille fordi ein diskuterte med entreprenøren Veidekke kva og kvifor ting hadde gått gale.

Uklart kven som skal betale

No er partane samde om at bassenget skal gjenopnast så raskt som råd, men om det er det kommunale og fylkeskommunale selskapet som eig Trivselshagen eller entreprenøren som skal plukke opp heile eller delar av rekninga er framleis uklart.

– No er det først og fremst fokus på å få utbetra skaden. Når det er gjort vil bli ei drøfting mellom partane om korleis dette skal fordelast, fortel Rygg.

– Er du sikker på at de får alt det tapte tilbake?

– Vi har det som utgangspunkt, ja.

Sjå Vestlandsreyen si sak om badeanlegget på Sandane:

Det vart brått utrivsel i trivselshagen på Sandane då fliser begynnte å løsne i bassenget. Berre tre og eit halvt år etter åpninga er skandalen eit faktum, nesten alle flisene må skiftast.