Hopp til innhold

Tapar millioninntekt på stengde basseng

SANDANE (NRK): I tre månader har bassenga stått tomme, medan det blir krangla om kven som har ansvar. No kan Trivselshagen vente seg erstatningskrav frå kommunen.

Trivselshagen på Sandane stengt

MISERABELT SYN: Slik skildrar dagleg leiar Anniken Rygg i Trivselsbadet, tilstanden i bassenganlegget. Bassenga må flisleggast på nytt.

Foto: Silje Guddal / NRK

For byggherre, Trivselshagen IKS, som er eigd av Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune, og entreprenøren Veidekke blir ikkje samde om vegen vidare med dei omfattande reparasjonen som krevst i bassenget.

Det fører til store tap i billett- og kioskinntektene til Gloppen kommune, som leiger badeanlegget.

– Eg synest det berre er tragisk heile greia. Det første halvåret no passerer vi godt ein million i tapt omsetnad, seier kultursjef Jan Kjetil Øygard.

Usemje har stogga arbeidet

kultursjef Jan Kjetil Øygard i Gloppen

VIL KREVJE ERSTATNING: Kultursjef i Gloppen kommune, Jan Kjetil Øygard.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det har berre gått nærare fire år etter opning, men bassenget må gjennom store utskiftingar. Badeanlegget har 70.000 brukarar i året. Kommunen reknar med at dei berre i påska gjekk glipp av 2000 besøkande. Dei vil fremje erstatningskrav.

– Det blir ei sak som vi må fremje overfor IKS-et, og vidare derifrå, seier kultursjefen.

Kva som er årsaka til uføret er det fleire og ulike synspunkt på. Veidekke meiner det mellom anna skuldast feil i prosjekteringa og feil materialval, medan Trivselshagen peikar på sjølve utføringa av arbeidet.

Trivselshagen på Sandane stengt

USAMDE: Badeanlegget til Trivselshagen har vore stengt i tre månader, og reparasjonane har stått på vent på grunn av usemje om årsak og skuld.

Foto: Silje Guddal / NRK

Reparasjonsarbeidet har ikkje kome i gang fordi Veidekke meiner Trivselshagen må lage ei ny prosjektering av arbeidet, men i førre veke kom partane eit steg vidare. I eit brev inviterer Trivselshagen Veidekke til eit møte.

Kristian Kleppe i Veidekke

POSITIV: Kristian Kleppe i Veidekke er positiv til at dei kan nærme seg ei løysing.

Foto: Privat

– Dei innleia dei med ein del ting som vi kanskje kan leggje til grunn for kva som bør rivast og fjernast av det som er i bassenget i dag. I tillegg seier dei litt om at dei ønskjer vi skal bruke dei tidlegare prosjekterte løysingane. På bakgrunn av dette synest vi at brevet var positivt, seier Kristian Kleppe i Veidekke.

Veidekke må svare på om dei vil starte opp arbeidet innan 12. april.

– Så lenge vi får stadfesta dei siste tinga som går på prosjektering, som vi vil ta opp med dei i møte, så bør det gå fint, seier han.

Ser ikkje vekk frå rettssak

Anniken Rygg i Trivselsbadet

KAN BLI RETTSSAK: Anniken Rygg ser ikkje vekk frå at saka kan hamne i retten.

Foto: Silje Guddal / NRK

Dermed kan det gå mot opning av Trivselsbadet til sommaren, men sjølve saka er langt frå ferdig med det. Kva reparasjonane vil koste er uklart, vidare dekker ikkje forsikringa til Trivselshagen reklamasjonssaker, og i tillegg må partane bli samde om erstatningskrav og liknande.

Dagleg leiar i Trivselshagen, Anniken Rygg, kan ikkje sjå vekk frå at saka hamnar i rettssystemet.

– På eit eller anna vis vil det vere krav og motkrav i denne saka, og vi får sjå i kva grad vi klarar å forlike oss om det før vi går til rettsleg steg, seier Rygg.

– Det håpar eg verkeleg at vi klarar å unngå, seier Kleppe i Veidekke.