Løpet går på dei historiske vegane i Lærdal, som i år feirar 222 år.
Vinnaren i dameklassen var Ingvild Vedde frå Tjalve med tida 39.56. I herreklassen var Eivind Øygard frå Jølster sterkast med tida 31.10.
Men dette var like mykje ein dag for entusiastane. Heile 140 mosjonistar stilte i trimklassen, mot 100 aktive utøvarar. Langs løypa stilte folk opp og sørga for stemning med heiarop og bjølleklang.
På oppfordring frå arrangøren stilte rådmann Alf Olsen jr. opp og etter bileta å døme fekk han ei strevsam dag på jobben.
Ei av dei sterkaste prestasjonane stod Hanne Grimelid for. Ho hinka seg gjennom løypa på krykker.