Hopp til innhold

Kranglar om krav til batterikapasiteten i telenettet

Teleselskapa meiner dei nye krava som Post- og teletilsynet stiller til reservestraum på basestasjonar er for strenge og kostbare. No skal Samferdsledepartementet avgjere saka.

Basestasjon Loppa2

KRAV: Staten ynskjer å stille strengare krav til kor lenge reservebatteria i basestasjonane skal halde. Teleselskapa har klaga på krava.

Foto: Ole Andreas Bertheussen

– Vi er ikkje overraska over at teleselskapa klagar, men slik vi har vurdert klagen, meiner vi at våre analysar framleis held, seier avdelingsdirektør Einar Lunde i Post- og teletilsynet.

Ved straumbrot er også telenettet sårbart for brot. Tidlegare i år sende dei ut nye krav til teleselskapa om reservestraumkapasitet på basestasjonar. No skal alle basestasjonar i heile landet halde i minst to timar etter straumbrot, og fire timar i område utanfor større byar med 20.000 innbyggjarar.

Meiner krava ikkje er dekkande

Alle teleselskapa har klaga på krava, som dei har fått fem år på seg til å gjennomføre.

– Vi saknar eit heilskapleg samfunnsperspektiv. Lenger batteritid på basestasjonar åleine løyser på langt nær alt, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.

Amundsen 13

KRITISK: Telenor og dei andre teleselskapa meiner staten ikkje berre kan stille krav til batteritida på basestasjonar. – Vi saknar eit heilskapleg perspektiv, seier dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Tidlegare denne veka opplevde mange i Sogn og Fjordane å vere utan telefon fordi ein av Telenor sine hovudsentralar vart råka av straumbrot. Amundsen meiner denne hendinga understrekar at det ikkje berre er batteritida i basestasjonane som er avgjerande for kor sårbart telenettet er.

– Beredskapen må bli betre, og det kan også vere å byte ut og grave ned kablar til dømes. Kraftbransjen må også ta eit større ansvar for å sikre straumforsyninga, meiner han.

Meiner det er urettferdig om kundane får rekninga

Også NetCom er kritiske til dei nye krava frå styresmaktene.

Vi ynskjer at nettet vårt skal vere så stabilt og tilgjengeleg som mogleg, sjølv under ekstreme vêrtilhøve. Vår klage går på korleis dette kan løysast i eit større samfunnsperspektiv, noko som også inkluderer kraftbransjen og beredskapen i fylke og kommune, seier teknisk direktør i selskapet, Jon Christian Hillestad.

Totalt er det 13.000 basestasjonar i landet, og ei oppgradering av alle desse vil vere kostbart. Telenor reknar med det vil koste kring 750 millionar kroner, og NetCom sine kostnadar er rekna til kring 400 millionar kroner. Teleselskapa meiner det heller ikkje er tydeleg nok kven som skal ta rekninga for den storstila endringa.

– Dersom det er kundane som må betale, så blir det feil, understrekar Amundsen.

Post- og teletilsynet har sett på klagen, og dei held framleis fast på sitt.

– Vi har gått grundig gjennom alle punkta frå teleselskapa, og vi endrar ingenting, seier Lunde.

Klagen er no sendt over til Samferdsledepartementet som skal ta endeleg avgjerd i saka, og dei vil ikkje kommentere saka før den er klar.