Hopp til innhold

Kranglar om 1. mai-parolar

Skal nei til fjord-deponi i Førdefjorden vere ein av hovedparolane i 1. mai-toget i Førde?

Video nsps_upload_2009_4_28_16_31_45_4137.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Dette stridast førdianarane om nokre få dagar før markeringa av arbeidarrørsla sin internasjonale kampdag.

Komiteen vil protestere mot den storstilte gruveutbygginga i Vevring, men fleire nektar å gå under denne parolen som er ein av fem hovudparolar.

Mislikar parolen

Avisa Firda skriv i dag at mellom andre Nils Gjerland, ordførar frå Senterpartiet misliker parolen sterkt. Også Arbeidarpartiet er imot.

Gruveselskapet Nordic Mining vil starte drift i Vevring i Naustdal. Medan somme ropar om arbeidsplassar i ei fråflyttingstruga bygd, bekymrar andre seg for kva konsekvensar slik drift vil ha for miljøet.

Meiner parolen er viktig

Magne Aardal, som er medlem av 1. mai-komiteen og SV-ar meiner at dette er en viktig parole 1. mai.

- Dette er ei sak som opptek mange i regionen. 1. mai-arrangementet i Førde skal både eit lokalt tilsnitt når det gjeld parolar og eit nasjonalt. Det er uheldig viss ein ikkje skal ha med denne parolen i toget. Eg trur mange vil gå under den. Men eg tykkjer også at det er uheldig at dei som står bak arrangementet ikkje er einige om hovudparolen.

- Det er ei omstridd parole og ikkje alle er einige med SV. Skapar ikkje ein slik parole meir strid enn samhald?

- SV har hatt denne saka til behandling og vi er skeptiske til dette fjord-deponiet. 1. mai er ein dag for å markere synspunkt, difor tykkjer eg denne parolen kunne vere med i toget.

LO er negativ

Distriktssekretær Arvid Langeland i LO er negativ til å ta parolen med i 1. mai-toget.

- Eg reagerer på måten det er gjort på. Du kan ha mange saker og parolar, men det skal diskuterast grundig på førehand. Spesielt gjeld det parolar som er litt kontroversielle.

- Men kva er gangbar og ikkje-gangbar parole?

- Det er ingen avgrensing på innhaldet i parolane, men for LO sin del er det veldig viktig at den er god forankra i organisasjonen og det er ikkje denne parolen.

Striden rundt parolen har ført til at 1. mai komiteen tek opp att diskusjonen på eit møte i kveld.