Hopp til innhold

Store vanskar i trafikken etter stormen i natt

Det dramatiske uvêret i går kveld og i natt fører framleis til store vanskar for dei som må ut på tur.

- Veldig ubehagelig, sier en av passasjerene på flyet som måtte snu rett før innflygningen til Bergen onsdag kveld. Flyet, som skulle fra Trondheim til Bergen, endte i Stavanger.

SJÅ VIDEO:–Veldig ubehageleg, seier ein av passasjerane på flyet som måtte snu rett før innflyginga til Bergen onsdag kveld. Flyet, som skulle frå Trondheim til Bergen, enda i Stavanger.

Fleire vegar er stengt.

Hordaland:

  • Fv 565 ved Austmarka i Radøy kommune
  • Fv 394 mellom Ostereide og Nesbø ved Askeland
  • Fv 569 mellom Stamnes og Straume i Vaksdal
  • Alle ferjesamband er nå i drift igjen

Sogn og Fjordane:

  • Fv 609 Førde – Askvoll stengt på grunn av ras
  • Fv 55 Vadheim – Dragsvik er stengt på grunn av velta tre
  • Fv 243 Aurlandsfjellet er stengt grunna uvêr

Møre og Romsdal:

  • På hurtigbåten mellom Ålesund–Valderøya–Nordøyane er avgangen frå Ålesund klokka 07.50 kansellert. Dette på grunn av dårleg vêr. Avgangen frå Harøya klokka 06.20 blei også kansellert, melder Boreal.
  • Ferjesambandet Småge–Orta–Sandøya–Finnøy–Ona var torsdag morgon innstilt på grunn av sterk vind. Men frå klokka 07.40 er ferja tilbake i rute. Den første ordinære turen går frå Ona.

Flytrafikk:

  • Uveret skapte store problem for flytrafikken til og frå Sogn og Fjordane. I morgontimane var fleire fly innstilte.
  • I tillegg melder Widerøe om store forseinkingar etter kvart som flya kjem i luft utpå føremiddagen.

MÅLØYBRUA: Måløybrua i Sogn og Fjordane var stengt i lengre periodar grunna vinden.