Hopp til innhold

Kraftig vekst i norske turistar i Norge

Norge blir eit stadig meir populært reisemål for nordmenn. Nordmenn gjennomførte 3,5 millionar innanlandsreiser i første kvartal 2017.

Vetvikja

BREMANGER: Både kystliv, vidde og fjell freistar mange nordmenn på ferie i år. Færre har reist i utlandet, og fleire i Noreg den første delen av 2017.

Foto: @Svenn_petter_kj/Instagram

Det er bra for økonomien til norske overnattingsstader og restaurantar, seier Fjord Norge-sjef.

Fjord, fjell og blide femten grader lokkar ikkje berre turistar frå verdas hjørner. Også stadig fleire nordmenn vel å legge ferien sin til heimlege trakter.

Første kvartal av 2017 har nordmenn reist 18 prosent meir i Norge enn på same tid i fjor, syner tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Vi ser at folk vil oppleve meir av sitt eige land. Og ikkje minst får ein igjen av den norske krona her i landet no sidan den norske krona er svak, seier direktør Kristian Jørgensen i Fjord Norge.

Kortreiste feriar

– Reis mindre og opplev meir! Det handlar om å ta i bruk sin eigen bakgard, seier Ørjan Kongsvik Aall frå miljøorganisasjonen Protect Our Winters (POW).

I litt forsiktig solskin nyt styret den norske sommaren ved fjorden, før dei skal ha seminar på fjellet.

– Ein kan ta med ei piknikkorg og pledd og lage lunsj ute. Samle fleire familiar og gjere det til ein «happening», er sommartipset frå Guro Asdøl Midtmageli.

Ragnhild Stamer Ekerholt seier seg einig.

– Norge er kult fordi det er så mykje forskjellig. Eg er veldig glad i marka heime i Asker. Så kjem eg til Vestlandet der det er meir variert med fjord og fjell, og i nord er det kanskje endå villare. Det er uendelege moglegheiter.

Foss

VILT: Sommaren på Vestlandet kan vere vill og vakker.

Foto: t_botten/Instagram

Nordmenn vil ha opplevingar

Generelt reiser nordmenn meir på ferie i 2017 enn vi gjorde i fjor, viser SSB sine tal.

Naturen er sentral i det nordmenn spør etter når dei skal planlegge ferien, seier Kristian Jørgensen.

– Vi kombinerer i større grad kulturopplevingar, mat og det å besøke vener rundt i landet. Og mange nordmenn ynskjer å vere aktive i naturen.

At reisevanane til nordmenn blir meir kortreiste, er positivt for oss alle, meiner direktøren.

– Vi beheld norske verdiar i landet ved at vi brukar pengane her. Då bygger vi opp norske arbeidsplassar, så det er mykje positivt med at folk legg ferien sin i eige heimland.

POW-folk

POW: Protect our witners er ein miljøorganisasjon som jobbar for å betre miljø-haldningane til folk i friluftslivsmiljø. Frå venstre: Guro Asdøl Midtmageli, Ragnhild Stamer Ekerholt og Ørjan Kongsvik Aall.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK