Brannmannskap og personar frå Sivilforsvaret har saman med to brannhelikopter jobba med å sløkkje lyngbrannen i Solund, som starta i går ettermiddag. Rundt midnatt skal mannskapa ha fått kontroll over flammane.
– Det siste vi høyrde derfrå var at dei begynte å få kontroll over brannen, det var seint i går kveld. Helikoptera var reist heim, men kjem tilbake dersom det er behov no når det blir skikkeleg dagslys. Vi har 20–30 mann i felten som går til fots og sløkkjer der oppe, fortel vaktkommandør ved 110-sentralen i Hordaland, Ronald Drotningsvik.
– Det betyr at det framleis brenn i området?
– Ja, og det vil det nok sikkert gjere meir eller mindre i fleire dagar. Dette går ned i jordsmonnet, så det vil ligge og gløde og gi frå seg både flammar og røyk i fleire dagar framover.
– No blir det å halde vakt, gå gjennom området og ta dei stadene som framleis ligg og gløder og brenn. Det er ein strevsam jobb i ulendt terreng, men det må takast til fots, seier Drotningsvik, som førebels ikkje kan seie noko om årsaka til brannen.
To brannhelikopter
To helikopter jobba i går med å tømme tusenvis av liter med vatn over lyngbrannen.
– Det brenn godt i terrenget, det er ulendt i området, fortalde Tore Fanebust ved 110-sentralen i Bergen.
Klokka 23 var det framleis ikkje kontroll på brannen på nordsida av fylkesveg 31 på Ytre Sula. Eitt av helikoptera blei trekt tilbake, medan det andre heldt det gåande.
Det blei fortløpande vurdert å kalle inn brannmannskap frå andre kommunar.
– Ein slik brann krev mykje av mannskapa, dei blir fort slitne, fortalde Fanebust.
Like før klokka 23 vart det bestemt at alle dei evakuerte skulle få reise heim att. Kring 20 personar i Trovåg og Kverhella sør for fylkesvegen var evakuerte.
Sivilforsvaret og brannmannskap forsøkte å sløkke brannen frå bakken gjennom natta.
Sivilforsvaret på veg
– Vi har sendt ut 25 personar etter oppmoding om assistanse frå 110-sentralen, opplyste Anne-Margrete Bollmann som er distriktssjef for Sivilforsvaret i Hordaland.
I alt varsla Sivilforsvaret femti personar om å møte på Lindås for å gjere seg klare til aksjon i Solund.
Evakuerte hus
Ordførar Gunn Åmdal Mongstad fortalde tidlegare måndag at den største utfordringa var den veldig kraftige røykutviklinga.
Mongstad sa at det ikkje var fare for liv eller helse. I 21-tida var to helikopter i sving på staden.
– Det bles godt. Brannvesenet ventar no på assistanse frå helikopter, det er ikkje råd for bakkemannskap å drive sløkking slik vinden er no, sa ho.
Utfordrande vêrtilhøve
Frank Ødejord var den som oppdaga og melde frå om brannen i 17-tida.
– Det har tatt seg alvorleg opp dei siste ti minuttane, fortalde Ødejord til NRK i 1730-tida.
Vel ein time seinare var det eit område på 300 x 300 meter som hadde brent.
– Eg såg berre litt røyk då eg ringde brannvesenet, seier Ødejord som såg brannen frå kring 500 meter då han varsla om den.
Like før kl. 2230 opplyste 110-sentralen at røyklukta nesten hadde nådd Haugesund. Dei fekk telefonar frå heile kysten sør for Solund med melding om røyklukt.
Det bles stiv kuling frå nord i området. Ifølgje meteorologane skulle vinden vil halde seg slik til tysdag.
Fleire brannar på Vestlandet
Også på Radøy i Hordaland kom det melding om i gras og lyng ved Nøtlevågen, ifølgje 110-sentralen i Hordaland.
Litt etter kl. 1930 melde dei om ein ny grasbrann, denne gongen ved Blindheim i Bergen.