Hopp til innhold

Køyreturen til amerikanaren enda midt i skiløypa

Turisten skulle ta seg over ein ettertrakta turveg for å komme til Årdal i Sogn, men hamna i ei skiløype og måtte spa snø for harde livet.

Tindevegen

I FLEIRE TIMAR: I denne skiløypa stod mannen i fleire timar før han fekk ringt etter hjelp.

Foto: PRIVAT

Det var porten.no som først omtalte den noko spesielle køyreturen. På veg mot Årdal bestemte den amerikanske mannen seg for å køyre populære Tindevegen i Sogn. Det han ikkje visste var at vegen var vinterstengt og omgjort til skiløype.

– Han hadde køyrt ut av vegen i 19-tida og vi fekk først beskjed kl. 21. I over to timar prøvde han å grave ut bilen med ein knekt spade, seier bergingsmann i NAF og brøytebilsjåfør, Terje Weka.

Vel 20 til 30 meter inne i skiløypa og med ein bil som stod bom fast i snøen, såg amerikanaren innan annan utveg enn å be om hjelp.

– Då vi kom fram lyste han på eit skilt der det står stengt og innkøyring forbode, men det oppdaga han i seinaste laget. Han sa ikkje mykje og var mest flau, seier Weka.

Den røynde bergingsmannen meiner amerikanaren hadde flaks den mørke januarkvelden.

– På denne tida av året er det ikkje mykje folk der, og han hadde heller ikkje ein mobil som fungerte i Noreg. Det var flaks at han ikkje blei ståande der gjennom natta. Han takka oss fleire gonger for innsatsen.

Tindevegen brøyting

TINDEVEGEN: Slik ser det ut når Tindevegen mellom Turtagrø og Øvre Årdal vert brøyta.

Foto: tindevegen.no

Ikkje første gongen

Det er langt frå første gongen Weka må dra bilar ut av skiløypene.

– Sjølv om det både er bratt og skilta, så er dette tredje gongen vi har fått ein bil ut av skiløypene, seier Weka.

Blant anna har han eit bergingsoppdrag på Sognefjellet friskt i minne.

– Først etter fleire hundre meter med skiløype fann vi bilen. I bilen sat fire flaue turistar som skulle over Sognefjellet på veg mot Gardermoen.