Hopp til innhold

Her stod bilen bom fast i skiløypa

Viking i Fortun måtte i natt rykke ut på eit spesielt redningsoppdrag. Ein bil hadde køyrt seg fast i skiløypa på Sognefjellet.

Bil fast i skiløype

Her vart det full stogg.

Foto: Jan Erik Weka (Viking, Fortun)

– Vi blei oppringte i firetida natt til påskeafta, med beskjed om at ein bil hadde køyrt seg fast på Turtagrø. Det fortel Jan Erik Weka i Viking Fortun.

Då dei kom fram såg dei bilsspora fortsette innover skiløypa.

– Då ante vi uråd og gjekk innover skiløypa, og etter 400 meter fann vi bilen med fire litt flaue personar i. Dei forklarte at dei skulle til Gardermoen for å nå eit fly, og ville køyre Sognefjellet.

– Men er det ikkje skilta at vegen er stengd?

– Joda, det er både stoppskilt og skilt for snuplass, Det står til og med parkert bilar der, men han hadde berre fortsett opp. Det er ein ganske bratt stigning opp i frå vegen og opp i skiløypa. Eg er litt imponert over at han kom seg så lang som han gjorde med ein bil med tohjulstrekk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bil fast i skiløype

Måtte ha hjelp for å kome laus frå skiløypa.

Foto: Jan Erik Weka (Viking, Fortun)

Lenge til opning

Sognefjellet er vinterstengt og blir det i mange veker enno.

– Vanlegvis opnar vi vegen over fjellet i månadsskifte april - mai, seier vaktoperatør Arne Stadheim, ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

– Har du høyrt om liknande tidlegare?

– Vi har vore borte i mykje rart opp gjennom åra. Her eit år kom det eit vongtog opp bak snøfresen som skulle opne fjellet. Vogntoget tuta og ville forbi og gav seg ikkje før føraren av fresen stogga og synte han veggen av snø frammom fresen.

Var heldig trass alt

Weka fortel at den uheldige billisten kan vere glad han ikkje kom lenger enn han gjorde. Bilisten hadde fulgt skiløypa frå Huldehaugen og innover mot Sognefjellshytta.

– Det gjekk kjempefint dei første 400 metrane før han blei sittande fast. Hadde han køyrt 100 meter til, så svingar løypa ned mot Juvvatnet og då hadde dei blitt sittande skikkeleg fast.

No gjekk det imidlertid lett å få bilen tilbake på vegen.

– Vi hadde med jekk og fekk løfta bilen slik at vi fekk lagt nokre plankar under hjula. Då den først var laus gjekk det lett å rygge den attende til vegen, seier Weka.