- Sjå liste over fjellovergangane lengre nede i artikkelen.
I går var det kaotisk på rv 52 over Hemsedalsfjellet. Fleire vogntog køyrde seg fast og det var lang kø.
– Brøytemannskapa er på plass, men vi får ikkje kontakt med dei. Men det står bom stille seier dei som står i køen som har kontakt oss. Vi oppmodar folk til å køyre andre fjellovergangar, seier Ken Ove Holm, trafikkoperatør ved vegtrafikksentralen i Bergen.
Tidlegare på tysdag ettermiddag åtvara vegtrafikksentralen mot at det kunne bli vanskelege køyreforhold i fjellet.
– Fram mot midnatt vil vinden auke på og det vil bli meir nedbør. På dei fleste fjellovergangane vil det kome som snø, seier Jan Erikstad, trafikkoperatør ved vegtrafikksentralen i Lærdal.
Det er meldt om store nedbørsmengder fleire stader i Sør-Norge og det er sendt ut OBS-varsel fleire stadar. Det er meldt om oransje nivå for flaumfare i delar av Aust-Agder, Telemark og Vestfold, gult nivå i Vest-Agder og gult nivå på jordskredfare i Aust-Agder, Telemark, Vestfold og Buskerud.
Betre onsdag
Trass i at det vert aukande vind og nedbør skal det ikkje bety at fjellovergangane vert stengt.
– Det er berre fv. 55 over Sognefjellet som er stengt. Dei andre skal vi klare å halda opne, så sant ingenting skjer. For vi har hatt utfordringar med nokre vogntog som er for dårleg skodd tidlegare i dag, seier Erikstad.
Han vil anbefale dei som skal køyre aust-vest i nordlege strøk om å nytta Strynefjellet eller Filefjell, medan Haukelifjell er å føretrekke framfor Hardangervidda lengre sør.
– I morgon vert det mildare på alle fjellovergangane. Då vil nedbøren kome som regn og ikkje snø, seier Erikstad.
Fjellovergangar i Sør-Norge:
- E134 over Haukelifjell. Det er vekslande snøslaps og snødekke.
- Rv 7 over Hardangervidda. Snø og isdekke og -2 grader klokka 13.30 i ettermiddag.
- E16 over Filefjell. Stort sett snødekke og store køyretøy bor bruke kjetting.
- Rv 52 over Hemsedalsfjellet stort sett snødekke. -2 grader og snøbyer i ettermiddag.
- Fv 60 mellom Hol og Aurland stort sett snødekke.
- Rv13 over Vikafjellet, stort sett bart og vått.
- Fv 55 over Sognefjellet er stengt. Ny vurdering vert tatt klokka 08.00 onsdag.
- Fv 53 Tyin-Årdal er det bart nokre plassar, men også strekningar med snø- og isdekke.
- E6 over Dovrefjell. Stort sett snø og isdekke.
- Rv 15 over Strynefjellet har vekslande bart og vått, snø- og isdekke. Fare for glatte parti.
Her kan du sjekke oppdatert status på alle fjellovergangane på Statens vegvesen sine sider (ekstern lenke).