Ein person såg den dramatiske ulukka om kvelden den 24. november i fjor. Han kom køyrande frå Deknepollen i retning mot Måløy.
Vart slengd opp i lufta
Mot han kom ein bil. Langs vegen gjekk ein person som kryssa fotgjengarfeltet ved krysset ned til Kulen. Verken bilen imot eller den gåande stoppa opp. Han såg den gåande bli slengd opp i lufta, vidare langs vegen, og vitnet måtte til sist bråbremse for ikkje å få kvinna under bilen.
Såg systera bli drepen
Det viste seg etterpå at den påkøyrde var systera til vitnet. Ho døydde kort etter påkøyrselen.
Nordfjord tingrett slår fast at ulukka skjedde i eller tett ved gangfeltet, og at sjåføren som køyrde ned kvinna var aktlaus.
Påkøyrsla skjedde i den tiltalte sitt køyrefelt. Kvinna som kom frå venstre, hadde dermed kryssa eit køyrefelt før ho vart påkøyrt.
Gode forhold
Lysforholda var alminneleg gode, og vegen var oversikteleg. At den omkomne hadde mørke klede og ikkje refleks var ikkje avgjerande for ulukka, meiner retten.
Etter noko tvil meiner retten det er rett å gje mannen ei straff som han slepp å sone viss han ikkje gjer nye lovbrot dei neste to åra.
Mannen misser førarkortet i to år.