Koomson kan få beskjed om "come soon" til USA

SOGNDAL (NRK): Gilbert Koomson reknar med ei avklaring på eiga framtid innan eitt par dagar.

Gilbert Koomson

UVISS FRAMTID: Gilbert Koomson stadfestar interesse frå MSL-klubben Colorado Rapids. – Dersom klubbane blir samde, så håpar eg at Sogndal let meg gå. Det kjem an på dei neste dagane, seier 22-åringen.

Foto: Christian Blom
Oddleif Løseth
Journalist

– Mange klubbar har vore interesserte, men amerikanarane er seriøse i interessa. Dei snakkar med Sogndal no. Eg reknar med at det blir avgjort innan eit par dagar om eg blir i Sogndal eller ikkje, seier 22-åringen frå Ghana.

Vart overraska

Gilbert Koomson har hatt ei lynkarriere sidan han kom til Sogndal frå thailandsk fotball. Først på lån i ein halv sesong i 2013 , og så gjennom heile fjorårssesongen. Den hurtige kantspelaren serverte fleire målgjevande pasningar enn nokon andre.

Denne veka fortalde TV2 at amerikanske Colorado Rapids var samde med Sogndal om ein overgang.

– Agenten min snakka med klubben, og nokre dagar seinare dukka nyhenda opp. Eg vart litt overraska over at det kom ut i media, vedgår Koomson.

Ny midtbanejuvel

Sportsdirektør Håvard Flo vil ikkje kommentere informasjonen til TV2, men vedgår at det fleire interesserte i den ghanesiske midtbanespelaren. Trenar Eirik Bakke er budd på at han kan miste nok ein midtbanejuvel.

I fjor mista han både Petter Strand og Babacar Sarr til Molde.

– Gilbert er ein av dei som har ambisjonar om å komme seg ut. Han er også av dei som eg av erfaring veit eg ikkje får behalde lenge, seier han.

Trivast i Sogndal

– Samstundes er vi ein utviklingsklubb. Sjølv om eg vil behalde dei beste spelarane, så har vi forpliktingar overfor dei som har lyst til å få så mykje som mogleg ut av ei kort karriere, legg Bakke til.

På grunn av småskader trena ikkje Koomson og Bjørn Inge Utvik saman med resten av spelargruppa då Sogndal starta sesongoppkøyringa tysdag.

– Sogndal er ein god klubb som gir deg sjansen. Den har eg fått og eg er veldig glad for å vere her. Men du må også sjå framover og nye moglegheiter og utfordringar, seier Komsoon.

– Vil vere bra

– Betyr det at du ynskjer å reise?

– Akkurat no er eg Sogndal-spelar, men får eg sjansen, om det er i Amerika, England eller Spania, så vil det vere bra for meg.

– Kva tenkjer du om interessa rundt deg etter berre ein sesong i Norge?

– Eg er veldig opprømt. Trenar Eirik Bakke og resten av støtteapparatet har gjeve meg ein ekstra push for å bli sterkare både mentalt og fysisk. Det har hjelpt meg mykje og er årsaka til at eg gjorde det så bra i fjor.

Knut Horvath Maristuen skal passe på at reinen heldt seg på rett side av riksvegen over Hemsedalsfjellet.
I dag kunne Førde Brannvern ta i bruk den første stigebilen i Sogn og Fjordane, og dermed kan dei nå heilt opp til dei øvste etasjane på dei høgaste bygga.
Ferjer som ikkje går når dei skal, er dessverre eit ikkje ukjent fenomen her på Vestlandet. 
På E39-sambandet Anda-Lote i Nordfjord var det over 100 innstilte avgangar i fjor. Og for nokon kan ei innstilte ferje få alvorlege konsekvensar.