Hopp til innhold

Misser ambulansestasjon - må betale for dårlegare tilbod

Bremanger kommune har sagt ja til eit pilotprosjekt med Helse Førde. Det gjer at dei misser ein av to ambulansestasjonar i kommunen.

Alf Magne Svarstad og Anne-Mette Nesje

AMBULANSE: Dette er den einaste ambulansen i ytre Bremanger.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Det er på ingen måte ønskjeleg at me må kutte i vårt øvrige helsetilbod for å finansiere ei teneste som Helse Førde er pålagd å finansiere, seier Svein Olav Senneset som er gruppeleiar for Venstre i Bremanger.

Han meiner spleiselaget med Helse Førde vil koste dei dyrt.

– Eg meiner det er heilt urimeleg. I kommunen sin økonomiske situasjon vil dette gå på kostnad av andre ting innan helse, for me har ikkje råd til å auke råma.

Onsdag slutta fleirtalet i formannskapet seg til å gå inn i eit toårig prøveprosjekt med Helse Førde om ei alternativ ambulanseordning for Ytre Bremanger. Då skal ein fullverdig ambulansestasjon erstattast med ein ambulansearbeidar. I tillegg skal kommunen stille med ein person.

Firdaposten omtalte vedtaket først.

Alle partia i formannskapet var samde om at det prinsipielt er feil at Bremanger tek midlar frå kommunekassa for finansiere tilbodet. Likevel stemte alle for prosjektet, utanom Venstre sine to representantar.

Problematisk oppgåveforskyving

Dagleg leiar i KS i Sogn og Fjordane, Frode Kyrkjebø, har forståing for at det skapar reaksjonar at kommunen tek rekninga i tilfelle som dette.

Han meiner det er prinsipielt er utfordrande at ei slik oppgåveforskyving skjer frå stat til kommune i berre ein kommune. Det med tanke på overføring av kompetanse og finansiering.

– Då er det viktig at det skjer på ein slik måte at det følgjer med både finansiering og kompetanse til kommunane, slik at dei kan handtere det på ein god måte.

Prosjektleiar for prehospital plan, fase 2, i Helse Førde, Tom Guldhav, meiner det aktuelle forslaget har fleire vinnarar.

Tom Guldhav

PROSJEKTLEIAR: Prosjektleiar for prehospital plan fase 2, Tom Guldhav, meiner det aktuelle prøveprosjektet har fleire vinnarar- også økonomisk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Me har fått kunnskap og innsikt i kvarandre sine utfordringar. Viss me i eit samarbeid kan oppnå gode ordningar for innbyggjarane, er det målet her.

– Er det problematisk at kommunen her må ta delar av rekninga for ambulansetilbodet?

– Me ser at både kommunen og helseføretaket har stramme økonomiske rammer, og det er noko av det som har vore utfordringane i dialogane me har hatt. Men i forhold til økonomi er dette eit alternativ me tenkjer kan vere bra både for føretaket, kommunen og ikkje minst innbyggjarane.

Anne Kristin Førde

STEMTE FOR: Ordførar Anne Kristin Førde stemte for framlegget. Ho presiserer at det framleis er uavklart korleis styret i Helse Førde stiller seg til den førebelse planen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ikkje nøgd

Ordførar i nabokommunen Kinn, Ola Teigen (A), er ikkje nøgd med at statlege føretak vil dele rekninga med kommunen.

– Eg synes den utviklinga vi ser no er uheldig. Kommunane får ikkje pengar for å drive staten sine tenester, men blir i større og større grad pressa til å den rekninga.

Ordførar Anne Kristin Førde (A) stemde for framlegget.

– Vår agenda er å sikre at ein beredskap som er trygg for alle i kommunen uavhengig av kvar dei bur.

– Eg meiner i utgangspunktet at dette er helseføretaket sitt ansvar, men meiner at om det er dette som skal til for å skape trygg beredskap ut i kommunen, så bør me likevel bruke pengar på det.

Det synet deler ordførarkollega Teigen.

– Eg vil ikkje kritisere Bremanger for det valet dei har tatt, seier han.