Hopp til innhold

Frivillige held fram søket etter familiefar medan politiet får på plass miniubåt

– Det er viktig av menneskelege omsyn, seier ordførar Gunhild Berge Stang. Politiet har i samråd med familien frigjeve namnet på mannen som er sakna.

FRIVILLIGE: Mange frivillige deltek i søket etter den sakna familiefaren i Dalsfjorden.

Då Hovudredningssentralen avrunda søket etter familiefar som torsdag fall over bord frå ein fritidsbåt i Dalsfjorden, bestemte kommunen seg for å halde fram søket.

Det er 46 år gamle Bjørn Ove Steig frå Leikanger i Sogn som er sakna. Politiet gjekk ut med namnet i samråd med dei pårørande fredag ettermiddag.

– Vi trur det er viktig for dei involverte og pårørande å sjå at ein gjer det ein kan for å finne den sakna. Det er ein forferdeleg situasjon. Dess snarare han blir funnen, jo betre er det for familie og lokalsamfunn, seier Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang.

– Viktig innsats

Gunhild Berge Stang og Eivind Antonisen

FRIVILLIGE: Eivind Antonisen (t.h.), her i samtale med ordførar Gunhild Berge Stang, er ein av mange frivillige som deltek i søket etter den sakna familiefaren i Dalsfjorden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mannen fall over bord utanfor Bjerganeset ved Dale. To mindreårige born, som var i same båt, kom frå ulukka utan fysiske skader.

Sidan Hovudredningssentralen avslutta redningssøket i 22-tida, har Sivilforsvaret, Røde Kors, brannmannskap og frivillige søkt gjennom natta frå båt.

I dag blir det også gjort strandsøk. Søket blir koordinert av kommunen. Søket har så langt vore utan resultat.

Leiteaksjon i Dalsfjorden

LEITAR: Frivillige stiller opp og deltek i leitinga etter den sakna familiefaren.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er viktig å ha sterk innsats, så vi finn den sakna så raskt som råd, seier Stang.

Ventar på miniubåt

Joachim Malterud

HÅPAR: Innsatsleiar Joachim Malterud seier at politiet startar opp att søk med miniubåt så snart den er på plass.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Det er førebels uvisst når politiet set i gang att med sine søk. Politiet hentar no inn tilbod på bruk av ein miniubåt, samstundes som dei planlegg nye søk.

Både Forsvaret og private selskap leiger ut miniubåtar, sokalla ROV.

– Det gir eit anna søksregime når søket er etter antatt omkomen person. Fokuset til politiet er å få tak i rett utstyr, planlegge nye søk og deretter setje i verk søksplanane straks det er trygt og forsvarleg, seier innsatsleiar Joachim Malterud.

– Så legg ein sjølvsagt planar dersom det er grunnlag for nye strandsøk og andre typar for overflatesøk, seier han.

Leiteaksjon i Dalsfjorden

RESSURSAR: Det vart sett i gang ein storstila leiteaksjon etter at mannen fall over bord i 12-tida torsdag. Søket vart avslutta like før klokka 22 same dag.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Sidan HRS avslutta redningssøket har vel 20 personar delteke i søket i kommunal regi. Av tryggleiksmessige årsaker vart det ikkje søkt frå land i natt.

– Beundringsverdig

Ordførar Stang opplever ei stor velvilje frå frivillige å delta i søket.

– Det er beundringsverdig og flott å sjå kor folk stiller opp, seier ho.

Trass ferietid har det ikkje vore noko problem å mobilisere folk og få på plass leitemannskap, ifølge ordføraren.

Ho seier kommunen er i tett dialog med dei pårørande. Dei får framleis tilbod om hjelp frå det kommunale kriseteamet.

Innsatsleiar Malterud kan førebels ikkje seie noko om kva som skjedde då mannen fall over bord.

– Men vi har henta inn vitneopplysningar, som gir oss eit godt bilete av kva som skjedde, seier han.