Kommentar: Terje Gilleshammer, distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane
Og kvifor skal vi bry oss med det? Jau, det handlar om tillit rundt salet av ei av Sogn og Fjordane sine viktigaste bedrifter, det handlar om store verdiar og heilt konkret handlar det om 16 millionar kroner i konsulenthonorar.
Den 16. november 2015 fekk lesarar og lyttarar i Sogn og Fjordane for fyrste gong treffe desse tre rådgjevarane frå Wiersholm.
Men det var slett ikkje med vilje at vi fekk vite kven dei var, og då hadde dei allereie i lang tid bidrege med godt gasjerte råd om eigarskapen i Fjord1.
Det var fylkesutvalsmøte på Leikanger og dei tre lokale journalistane såg tre dresskledde menn sitjande langs eine veggen.
Berre minutt seinare ville møtet bli lukka og pressa kasta på gangen.
NRK, Firda og Sogn Avis rakk å knipse nokre bilete og spurde kva dei heitte, men det ville dei ikkje seie med det same før dei motvillig etter dialog med fylkesrådmannen og sure journalistar sa namna sine. Og så vart pressa kasta på gangen.
No kan både Bergens Tidende og Firda fortelje at fylkesrådmannen ikkje sette dette lukrative arbeidet med rågjeving ut på anbod. Fyrst fekk han råd av Wiersholm sjølve om at det ikkje var nødvendig å setje det ut på anbod.
Er det bukkane som fekk legge premiss for korleis bukkane skulle plukkast ut til oppdraget?
Fylkesrådmannen seier til avisene at han ikkje vil seier noko så lenge kontrollutvalet ser på saka.
Salet av Fjord 1 til Torghatten gjekk sin gang og havarerte hos konkurransetilsynet trass rådgjevarane sine råd og millionrekningar.
Men Wiersholm får framleis påverke oppvasken.
I går kunne Firda fortelje korleis 43 av 43 dokument i saka er sladda og unnateke offentlegheit sjølv etter at handelen med Torghatten er historie.
Og kven trur du fekk betalt for å kome med råd om kva dokument som skulle offentleggjerast og kva som skulle sladdast?
Igjen er det Wiersholm, ikkje veit vi om det er dei same tre rådgjevarane, men det er i alle fall den same kontoen pengane går inn på.
Juridisk sjef hos fylkeskommunen, Svein Hågard seier at fylkeskommunen ikkje har nødvendig bakgrunnskunnskap, men det har visst Wiersholm.
Spørsmålet vi sit med blir då; er det bukkane som veit meir om kva som skjedde med havresekken så dei kan avgjere kva som skal forteljast og til kven?
Og, ja, sjølvsagt dreier dette seg om avansert forretningsjuss, og noko skal haldast unna offentlegheit! Det vil vere opplysningar Fjord1 med rette skal få halde for seg sjølve for å verne seg mot konkurrentane sine.
Men dette dreier seg til slutt om alle sin tillit til fylkeskommunen sin prosess rundt salet av arvesølvet Fjord1.
Dermed er det viktig å belyse om rådgjevarane har vore nettopp bukkane som passa havresekken.
For det er folket som til slutt eigde havren, den tilhøyrde verken bukkane eller fylkespolitikarane.