Hopp til innhold

Uvêr på fjellovergangar mellom aust og vest

Etter mykje uvêr og stengde fjellovergangar tysdag, er alle fjellovergangane mellom aust og vest no opna att.

E16 - Filefjell

EINASTE: E16 over Filefjell var på eit tidspunkt einaste opne fjellovergang mellom aust og vest.

Foto: Skjermdump / Statens vegvesen

  • Sjå status for alle fjellovergangane lengre nede i saka.

Uvêr og sterk vind har råka Vestlandet. Meteorologisk institutt sende tysdag morgon ut åtvaring om sterk vind i Sogn og Fjordane.

– Me har sendt ut farevarsel som gjeld frå i ettermiddag, på gult nivå, seier statsmeteorolog Tone Kristin Taule.

Den sterke vinden har råka fleire fjellovergangar, med kolonnekøyring og stengde vegar.

– Det ser ut som at det skal vedvare det komande døgnet. Det blir lettare først utover morgonkvisten onsdag, seier Tom Hansen ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Slik er stoda onsdag morgon:

  • E134 over Haukelifjell: Ope.
  • Riksveg 13 over Vikafjellet: Ope.
  • Fylkesveg 50, Hol–Aurland: Ope.
  • Riksveg 52, Hemsedalsfjellet: Ope.
  • Riksveg 7, Hardangervidda: Ope.
  • Fylkesveg 53, Tyin–Årdal: Ope.
  • E16, Filefjell: Ope.
  • Riksveg 15, Strynefjellet: Ope.

På utsette stader, spesielt i fjellet og i indre strøk kan vindkasta kome opp i 30 sekundmeter, melder Meteorologisk institutt.

Webkamera, Vikafjellet

UVÊR TIL I MORGON: Det kan bli stenging eller kolonnekøyring over Vikafjellet heilt til i morgon tidleg.

Foto: Statens vegvesen