NRK Meny
Normal

Kolonnekøyring i Lærdalstunnelen

Frå komande måndag og fram til jul må trafikantane innrette seg på å bruke litt lengre tid på turen gjennom Lærdalstunnelen på E16.

Lærdalstunnelen

KOLONNEKØYRING: I delar av tunnelen må bilane køyre i kolonne, og med nedsett fartsgrense.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

For no skal styringssystemet i den lengste vegtunnelen i verda byggast om. Mellom anna skal det bli kameraovervaking.

Dette fører til at det blir innført kolonnekøyring i delar av den 25 kilometer lange tunnelen, og at fartsgrensa blir sett ned til 70 kilometer i timen i den delen det er arbeid. Etter jul blir det nedsett fartsgrense i heile tunnelen, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Byggjeleiar Jens-Ivar Nilsen seier at dei prøver å skape minst mogeleg irritasjon og forseinkingar for trafikantane.

– Men vi veit at nedsett fartsgrense er med på å få ned risikoen og konsekvensane av ei ulukke i tunnelen.

Mobil- og naudnett verkar

Arbeidet skal gjerast i etappar på seks kilometer om gongen. Vegvesenet reknar med å få unna den første etappen før jul. For kvar etappe blir delar av tryggleiksutstyret i tunnelen kopla ut.

– Men naudtelefonane vil vere i drift, det same gjeld ventilasjonen. I tillegg kan tunnelen stengast både lokalt og frå Vegtrafikksentralen. Mobilnett og naudnett blir heller ikkje påverka, seier Nilsen.

Arbeidet startar komande måndag frå Aurland-sida. Det blir kolonnekøyring frå måndag morgon til laurdag ettermiddag.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser