Hopp til innhold

Kollisjon på Eikås

Tre personar vart lettare skadde i ei bilulukke på E39 på Eikås i Jølster tysdag ettermiddag.

Ein norsk bil og ein slovakiskregistrert bil kolliderte.

Bilulukke på Eikås
Foto: MMS-foto: Birger Meland / NRK

Ingen skal vere alvorleg skadde. Både brannvesen og luftambulanse var på staden.

Politiet fekk melding om uhellet klokka 15.55.