Mann i 40-åra omkom etter kollisjon mellom personbil og motorsykkel

Det vart gjort gjenopplivingsforsøk på staden, men det lukkast ikkje naudetatane å redde livet til føraren av motorsykkelen.

Trafikkulykke på E39 i Høyanger kommune

DRAMATISK: Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka.

Foto: Bård Siem / NRK

– Bilføraren skulle ut på E39 mot Lavik, då ein motorsyklist kom imot. Det blei ein front mot front kollisjon, seier politioverbetjent ved Høyanger lensmannskontor, Kåre-Jan Hofrenning.

Føraren er ikkje fråteken førarkortet. Vurderinga er gjort basert på forklaringar frå både vitne og bilførar, opplyser politiet.

– Den mannlege MC-føraren blei kasta av sykkelen i kollisjonen, seier Hofrenning.

Mannen i 40-åra blir obdusert over helga. Pårørande blir tatt vare på av lokalt kriseteam.

Bilføraren blei sendt til lokal legevakt.

Ulukka skjedde i krysset ved avkøyringa til Norevik, rett aust for Noreviktunnelen på E39 mellom Lavik og Vadheim. Det er 80-sone på strekninga.

Politiet fekk melding om kollisjonen mellom personbilen og motorsykkelen klokka ti på åtte onsdag kveld. Det vart sendt ut store ressursar frå naudetatane.

Fekk førstehjelp

I alt var to personar involverte i ulukka. Bilføraren kom fysisk uskadd frå ulukka.

– Dessverre omkom føraren av motorsykkelen. Det vart gjort førstehjelp på staden, men det var dessverre ikkje råd å redde livet, seier operasjonsleiar Stein Rune Ø. Halleraker til NRK i femtida torsdag morgon.

Ukjend årsak

Han kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka.

– Årsaka er førebels ukjent. Vi har hatt kriminalteknikarar på staden som har gjort tekniske undersøkingar. Både bilen og motorsykkelen er taua inn og vil verte undersøkte seinare. Det er og gjort avhøyr av vitne og dei involverte i ulukka. Vi vil og gjere nye avhøyr seinare, seier Halleraker til NRK.

Både Bogstunnelen og Noreviktunnelen på E39 var stengd i ein lang periode etter ulukka, men ulukkesstaden som ligg mellom dei to tunnelane er no rydda og det er fri ferdsel på strekninga.

E39: Politiet opplyser om at ulukka har skjedd mellom Noreviktunnelen og Bogstunnelen på E39. Begge tunnelane blei stengde.