Hopp til innhold

Kollisjon i Bremanger

Vegen er opna att etter at ein lastebil og ein personbil kolliderte på riksveg 616 ved Klungreset i Bremanger klokka halv eitt måndag. Ingen personar skal vere skadde.

Årsaka til uhellet er ikkje kjend, men vegen er smal i området. Kollisjonen skjedde mellom Kalvåg og Oldeide.