Hopp til innhold

Kleven gunstig kjøp for Aker Yards

Kleven Florø har snudd underskot til profitt, rett før dei vart selt til Aker Yards. - Kjøpet kunne knapt nok vore meir gunstig, seier administerande direktør i Florø, Gustav Johan Nydal.

Kleven Florø.
Foto: Steinar Lote / NRK

- Det var eit godt tidspunkt både for oss og for Aker Yards.

Nydal er ikkje heilt nøgd med fjorårets resultat. Sjølv om dei har reist seg frå eit heftig underskot i 2004, meiner han at dei burde greidd betre. Men han seier at alt peikar i rett retning no. Slik sett har Aker Yards gjort eit svært godt kjøp. 

Gustav Johan Nydal
Foto: Steinar Lote / NRK

Får underleverandør i Aust-Europa

- Det var gunstig for dei at vi har reist oss etter å ha lege nede, vi har gode utsikter framover. Samstundes var det gunstig for oss at Aker Yards gjennom oppkjøpet skaffa oss produksjonskapasitet i Aust-Europa. Det er noko vi har vore på jakt etter, men ikkje greidd å skaffe oss ein fast underleverandør tidlegare.

Omsetnaden blir tredobla

Det er ei bedrift i vekst som snart får nye eigarar. I 2005 hadde Kleven Florø ein omsetnad på 300 millionar kroner og eit nullresultat, i år kjem omsetnaden opp i 600 millionar og eit lite overskot.

- Neste år håpar vi å kome opp igjen i ein milliard i omsetnad og bør få eit rimeleg bra resultat.

Nytt namn

Gustav Johan Nydal reknar med at Kleven Florø innan utgangen av august har skifta namn og blitt ein del av Aker Yards.

Kleven Florø treng 15-20 fleire arbeidarar til hausten.