Hopp til innhold

Klart for ny MGP-fest i Florø

Florø kan igjen gle seg til å vere vertskap for ein av delfinalane til Melodi Grand Prix. 4. februar vert det ny MGP-fest i kystbyen.

Folkefesten i januar i år gav meirsmak for arrangørane, og NRK har også vore nøgde med jobben som vart gjort.

No er det bestemt at Florø, Ørland, og Larvik skal halde delfinalane til årets Melodi Grand Prix. Som vanleg vert finalen i Oslo.

Per Øyvind Helle i arrangementsselskapet HippHippFlora er svært begeistra over at Florø får vere vertskap også neste år.

– Det er hipp, hipp og voi,voi. Vi er veldig glade for dette, seier Helle til NRK.no.

Delfinalen i januar i år var den første gangen Flora husa ein delfinale i MGP-sirkuset. Idrettssenteret i Flora var fylt til randa og Helle gler seg til å ønskje velkommen til både publikum, artistar og arrangørar igjen.

– At vi kan invitere folk tilbake og gjenta det vi gjorde, det er vi veldig glade for. Eg trur og at dette gler både folk i Florø og resten av fylke, seier ein særs nøgd Helle.

– Skal bli større og viktigare

I tillegg til at delfinalane blir sende direkte på TV laurdag blir det også program frå vertsbyane torsdagane før. Her skal ein få bli med i kulissane i førebuingane.

Historikk, kostymedebattar og artistprøver blir noko av det sjåarane kan få seg med.

-Vi legger heile den 53-årige MGP-historia inn i å gjere Noregs største musikkonkurranse enda større og enda viktigare. Med meir sendetid og fleire sendingar skal vi vise meir av prosessen frå artistane blir plukka ut til dei står på scena, seier prosjektleiar i NRK, Skjalg Solstad til Firdaposten.

– I enden av heile denne festen står vi igjen med den låta og den artisten som skal representere Norge i Eurovision i Baku i mai.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Øyvind Helle, Roy Austbø og Anne Rimmen

NØGDE: Per Øyvind Helle (t.v.) saman med Anne Rimmen som var programleiar i fjor, og Roy Austbø, også han frå HippHippFlora.

– Vi skal gjere det endå betre

Med erfaringar frå årets arrangement trygt i baklomma håpar Helle at delfinalen som går av stabelen 4. januar neste år kan bli endå betre.

Når NRK i tillegg sender direkte frå Florø torsdagen før trur Helle at MGP-delfinalen kan gje mange positive ringverknader for både kystbyen og Sogn og Fjordane.

– Vi får vise oss fram igjen, og dette vil gje positive ringverknader både samfunnsmessig, økonomisk og marknadsmessig, seier Helle.

Manglar framleis litt pengar

I dei neste tre månadene blir det hektisk aktivitet for arrangørane i Florø. Det økonomiske er ikkje heilt på plass endå, framleis manglar det nokre kroner for at budsjettet skal gå i balanse.

– Vi har litt å gå på når det kjem til sponsorinntekter. Vi treng eit par hundre tusen til, men vi er vande med å ta økonomisk risiko og kjenner oss trygge på at vi skal få med oss folk på laget, seier Helle.

  • LES OGSÅ:

Trur det blir rift om billettane

Då MGP-finalen gjekk av stabelen 22. januar i år var det 3000 som følgde showet direkte i Flora. Helle trur det blir rift om dei 3000 billettane til neste års arrangement.

– Det var mange som i år sa at det allereie gleda seg til neste gong. Og eg trur og mange som såg det på TV sist vil ha det med seg direkte, så det blir nok mange som vil ha seg ein billett.