Hopp til innhold

Slik var MGP-festen i Florø

Medan Babel Fish og Hanne Sørvaag jubla for finaleplass, var det ein stolt ordførar og fylkesordførar som konstaterte: MGP i Florø vart ein skikkeleg folkefest!

- Dette var bra. Eg er jo veldig interessert i musikk sjølv, og dette var ei flott oppleving, seier Nils R. Sandal.

Fylkesordførararen sat saman med Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal heilt framme og fekk med seg det som skjedde på scena på nært hald.

Ordføraren kosa seg på MGP

Om lag 3000 menneske var på plass i idrettssenteret i Florø.

Og dei skapte ei skikkeleg MGP-stemning, som fekk fleire av dei involverte til å trekkje fram dei store superlativa.

- Dette må ha vore ein god reklameeffekt. Her fekk vi vist fram engasjement krydra med mangfald og natur, seier Nils R. Sandal.

LES OGSÅ:

- Fantastisk kjekt - eg har kosa meg i dag, seier Bente Frøyen Steindal.

- Eg er stolt av det dei har fått til her, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nils R. Sandal og Bente Frøyen Steindal

ORDFØRAR-SMIL: Fylkesordførar Nils R. Sandal og Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal var nøgde med det dei fekk oppleve i Florø.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Må inspirere til endå meir satsing

Ein rørt Tarjei Van Ravens fekk så vidt fram eit ord då Babel Fish vart ropt opp som vinnar av delfinalen i Florø. Andreplassen gjekk til Hanne Sørvaag.

Dei to nykommarane Mimi Blix og Endre får ein ny sjanse til å skaffe seg finalebillettar i Sistesjansen i Sarpsborg om to veker.

Samstundes viste Florø seg frå si beste side; først med ein film som viste byen og regionen - dernest med ein idrettshall smekkfull av elleville og engasjerte tilskodarar.

LES OGSÅ:

- Eg trur dette inspirerer kulturlivet i Sogn og Fjordane til å satse vidare. Og kanskje fekk nokon lyst til å reise hit, spekulerer Nils R. Sandal.

- Folk kan ikkje ha unngått å få med seg kor flott vi har det her, seier Frøyen Steindal.

MGP-festen i Florø

FEST: MGP vart ein skikkeleg folkefest i Florø.

Foto: Rune Fossum / NRK