Hopp til innhold

Rår til støtte til nytt MGP i Florø

Fylkesutvalet går inn for å løyve 750 000 kroner i støtte til ein ny delfinale i Melodi Grand Prix i Florø.

MGP i Florø
Foto: Rune Fossum

Medan rådmannen ville seie nei til ny løyving , vedkot fylkesutvalet å rå fylkestinget om å løyve 750 000 kroner til ein ny delfinale.

- Vi fekk med oss at det kunne bli mindre enn dei 900 000 kroner vi søkte om. 750 000 kroner er vel 83 prosent av dette, så du kan seie vi er 83 prosent nøgde. Flagget er nesten heilt til topps. No er eg nesten heilt sikker på at det blir ein ny delfinale, seier Per Øyvind Helle i HippHipp Flora.

- Avgjerande

Eventselskapet i kystbyen ynskjer ein reprise frå årets delfinale i Melodi Grand Prix .

Vedtaket i fylkesutvalet vart fatta med åtte mot Norvall Nøringset (SV) si røyst.

- Pengane er heilt avgjerande for å gjennomføre ein delfinale i Florø. Ikkje berre det, men «MGP Lokal» som var den store flotte fylkessuksessen i fjor. Det er ein ny arena for ungdomar å vise fram talentet sitt på. Også for dei er dette vedtaket viktig, seier Helle.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Må vurdere

Fylkestinget tek endeleg stilling til saka under tingseta i juni. Skulle løyvinga vise seg å bli 750 000 kroner, er det eit avvik på 150 000 kroner i høve søknaden.

Arrangementet i januar gjekk 100 000 kroner i overskot.

- Det betyr at vi anten må få meir sponsormidlar på den private marknaden, redusere nokre kostnader eller gå ned på eiga inntekt. Ein ting er pengane, men ein annan ting er signaleffekten. No har fylkespolitikarane faktisk sagt det vi har bevist, at det var ein suksess på mange plan, meiner MGP-generalen.

Fylkesjubileet?

Utvalet la vekt på at elevar ved fleire vidaregåande skular i fylket var med og arrangerte delfinalen i januar i år.

Sidan arrangørane i Florø har opsjon på arrangementet i to år framover, lufta også fleire av politikarane moglegheita for å nytte delfinalen i Florø i 2013 som del av 250-årsjubileet til fylket. Det har Helle ingenting i mot.

- Ein kan til dømes samle det fantastisk rike musikklivet vi har i vårt eige fylke knytt opp mot MGP. Hatt ei slags samling med svær konsert der inviterer mange artister i fylket til 250-årsjublieums konsert, meiner han.