Førde-trenar Frank Roger Kalstad meiner spelarane må skjerpe seg til sluttspelet mot Kristiansund komande helg. - Blokkinga var for dårleg mot Dragvoll, trass i 3-0, seier Kalstad. Og nettopp blokkarbeid har dei terpa mykje på i det siste.
Forlangar skjerping
No forlangar han 100 prosent skjerping på treningane fram mot kampen mot Kristiansund. - Vi må få opp presisjonen i det vi gjer, seier Kalstad, som meiner det var greit å få ein vekkar i kampen mot Dragvoll.