Hopp til innhold

Ikkje lenger nok med butikkar om kjøpesentera skal overleve

Med tannlegar, treningsstudio og kulturtilbod skal kjøpesentera møte konkurransen frå dei store nettaktørane.

Kjøpesenter må tenke nytt

MÅ TENKJE NYTT: Kjøpesentera må tenkje nytt for å møte konkurransen mot handel på nett.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Dei siste åra er det fokusert mykje mot kultur, lege, helse, kiropraktor og tannlege. Vi ser at det er ein ny trend, seier senterleiar Wilhelm Tangerud ved Amfi Sogningen.

I fjor handla nordmenn for 15,7 milliardar kroner i utanlandske nettbutikkar. Det er ein vekst på 22,5 prosent sidan 2011.

«Sjølv solide kjeder slit nå», melde Finansavisen i oktober, og viste til at «regjeringa forventar ein flaum av konkursar».

Dette er bakteppet for at senterleiaren må tenkje nytt.

– Fysiske butikkar fungerer bra, men når vi køyrer det saman med helsetenester og alt er på ein plass, er det ein suksess for at folk skal møte opp i staden for å sitje i stova og handle.

Wilhelm Tangerud

FULLT HUS: Hos Amfi i Sogndal er det berre eitt lite kontorlokale ledig. – Det er alltid ei utvikling. Vi må alltid følge med og vere med på trendane både på nett og hos folk, seier senterleiar Wilhelm Tangerud ved Amfi Sogningen.

Foto: Oscar Andersen

Les også: Gruar seg til Black Friday: – Dagar som denne drep oss til slutt

Vekst i handel frå utlandet

– Bildet er i kraftig endring, seier direktør for Virke Handel, Harald J. Andersen.

I perioden 2012–2018 voks omsetnaden i utanlandske nettbutikkar med 150 prosent. I same periode voks norske nettbutikkar med 100 prosent.

Men det er håp, seier Andersen.

– Framleis blir 68 prosent av kronene nordmenn bruker på varehandel lagt igjen i fysiske butikkar.

Spør google om brødristarar

– Når kundar googlar ein brødristar, må vi kome opp først, seier Tangerud.

Han fortel at eit av grepa for å overleve er å lære seg marknadsføring på nett.

– Over 70 prosent av kundane våre sonderer på mobiltelefonen før dei handlar. Der må vi vere.

Når kundar googlar ein brødristar, må vi kome opp først.

Wilhelm Tangerud, senterleiar Amfi Sogningen

Berre dei siste to åra har dei fysiske butikkane blitt mykje betre på dette, meiner han. Nøkkelen er å vere enda betre enn dei store utanlandske aktørane.

– Men det er av og til ei utfordring for ein senterleiar på 44 år å henge med på kva dei mellom 16 og 20 år gjer på nett, ler han.

Må snu seg fort

Gro Gjerdevik er senterleiar ved Alti Nordfjordeid og fungerande senterleiar ved Alti Førde.

Ho fortel om to trendar. At sentera må romme meir, som fysioterapeutar, tannlegar og treningsstudio. Og at sentera skal vere møteplassar.

– Opplevingar er viktig for kunden og det som skil netthandelen frå fysiske butikkar.

Gro Gjerdevik, senterleiar Alti Nordfjordeid

TRAVEL VEKE: Black Friday står for tur. Vekene før jul er viktige for kjøpesenteret Alti og senterleiar Gro Gjerdevik på Nordfjordeid.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Også ho meiner butikkar som lukkast på nett, greier å halde tritt.

– Viss ein først skal handle på nett, kan ein godt bruke den lokale netthandelen.

– Har det blitt meir utfordrande å drive senter?

– Det var kanskje litt lettare før. Det er om å gjere å snu seg fort og jobbe hardt, så går det bra.