Hopp til innhold

Kjerpeset utslått på 400 meter hekk

Hekkeløpar Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø sprang inn til sjetteplass i sitt heat under 400 meter hekk i EM i friidrett i Zürich.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

UTE AV EM: Hekkeløpar Øyvind Strømmen Kjerpeset kom på sjetteplass i forsøket og er dermed ute av EM.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Han sprang i mål på tida 51.23, noko som er langt unna det beste han har prestert.

– Kroppen kjenst bra i dag og at eg ikkje sprang kjappare er eit mysterium for meg, seier han til NRK rett etter løpet.

Florøværingen har personleg rekord på 49,95 og årsbeste på 50,59. I dag heldt tida hans berre til ein 30. pass totalt. Kjerpeset har lenge slite med foten, noko som har sett han tilbake. I løpet av denne sesongen har han hatt det så vondt at for kvar steg han tek i svingane, så riv det under foten.

– Eg hadde likevel håpa det skulle gå bra, for foten er betre og eg satsa verkeleg. Men plagene i sommar har sett meg veldig tilbake og eg har ikkje fått trent skikkeleg.

No skal han nullstille seg og seier det blir ein lang pause etter sesongen. Men han har målet klart

– Det er to år til OL og dit skal eg, seier han.

I morgon kveld skal Marius Vedvik frå Førde springe 10.000 meter i Zürich.