Hopp til innhold

«Eg har over tid følt meg trakassert og mobba av fylkessekretær Ingvar T. Myrvollen»

Fylkesleiar Amanda Solvåg i Unge Høgre meiner fylkessekretæren har motarbeidd henne og ungdomspartiet med alle middel. Myrvollen har ei heilt anna oppfatning.

Amanda Solvåg

ORKAR IKKJE MEIR: - Blir det ikkje ikkje snarleg og varig betring i oppførselen til Myrvollen, bør Høgre for sitt eige beste få han vekk, seier leiar Amanda Solvåg i Sogn og Fjordane Unge Høgre.

Foto: Privat

– Mot meg har det vore reinspikka mobbing. Han gjer alt han kan for å gjera jobben min vanskeleg. Han utøver herskarteknikkar der han kan. Og han viser lite velvilje til å samarbeida med oss i Unge Høgre, seier leiar Amanda Solvåg i Sogn og Fjordane Unge Høgre.

Det er ein spissa konflikt som har vakse fram mellom den 21 år gamle ungdomspartileiaren og den innflytelsesrike fylkessekretæren i Sogn og Fjordane Høgre, Ingvar Torsvik Myrvollen.

Solvåg meiner Myrvollen dei siste to åra har motarbeidd henne og Unge Høgre med alle middel.

– Eg orkar rett og slett ikkje meir snart, seier Solvåg.

Myrvollen vil ikkje la seg intervjua om saka, men i ein epost til NRK skriv han at det i eit møte i desember 2015 er konstatert ganske stor usemje mellom han og Solvåg om dei påståtte forholda. Ifølgje Myrvollen skal han i dette møtet ha beklaga noko av det han har sagt. (Sjå heile tilsvaret seinare i saka.)

«Manipulerande»

– Eg kan fint handtera motgang, men med Myrvollen har det blitt så mykje. Eg får spørsmål frå familie og vener om kvifor eg gidd, fordi dei ser at eg ikkje lenger har glede av å driva med politikk, slik eg hadde tidlegare, held Solvåg fram.

Unge Høgre-leiaren seier at dei ikkje får hjelp frå fylkessekretæren, og at Myrvollen - når han svarar - skriv at han ikkje kan prioritera dei.

Ingvar Torsvik Myrvollen

USAMD I PÅSTANDANE: - Det er veldig leitt at Solvåg har oppfatta mi utøving av jobben som fylkessekretær på denne måten; det har aldri vore mi hensikt, seier Ingvar Torsvik Myrvollen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Ifølgje Solvåg skal Myrvollen òg ved fleire høve ha drive politisk innblanding, til dømes i ein personstrid under årsmøtet til Sogn og Fjordane Unge Høgre i 2014:

Der var Myrvollen referent og Solvåg møteleiar. Dei to var usamde om kven som skulle sendast som Sogn og Fjordane sitt delegat til Unge Høgre sitt landsmøte. På eit tidspunkt blei møtet foreslått lukka, slik at ikkje-medlemmer blei avskore frå å påverka utfallet.

Då skal Myrvollen ha reist seg frå referentplassen og skulda Solvåg for å driva manipulering av møtelyden:

– Ein referent er ikkje medlem i Unge Høgre og har såleis ikkje rett til å uttala seg viss han ikkje blir bede om det. Her gjorde Myrvollen det likevel. Og i salen sit 15-, 16- og 17-åringar, som er lett påverkelege. Når møteleiarrolla mi blir undergravd så grundig, er det ikkje bra, og det han gjorde, er heller ikkje lovleg, seier Solvåg.

«Pling i bollen»

Etter dette opptrinnet for snart to år sidan skal situasjonen ha blitt krevjande. Unge Høgre-leiaren seier at fylkessekretæren har kjefta på henne og omtalt henne nedsetjande i andre sitt påhøyr.

Det skjedde på eit valarrangement ved Stryn vidaregåande skule i fjor, der Myrvollen skal ha kome til Solvåg og bede om å få ein nøkkel til partikontoret, som Unge Høgre-leiaren hadde fått låna i valkampen.

Solvåg ville ikkje gi nøkkelen frå seg før ho hadde konferert med fylkesleiar Arve Mjømen, for å vera sikker på at ho - som ho seier - ikkje gjorde nokon feil.

– Då fekk eg beskjed om ikkje å laga parodi, for dette burde vera ei grei sak. Då eg gjekk for å ringja, skal Myrvollen ha kalla meg «pling i bollen». Det har både nestleiaren min og andre medlemmer høyrt. Det er respektlaust og undergrev meg som fylkesleiar når andre medlemmer høyrer fylkessekretæren kalla meg det, seier Solvåg.

Myrvollen: «Veldig leitt»

NRK har snakka med nestleiaren i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Mirijam Wehbe, og ein annan sentral politikar i ungdomspartiet, som begge seier at Amanda Solvåg si framstilling av konflikten er rett.

Etter valet i fjor haust tok Solvåg saka opp med leiinga i Sogn og Fjordane Høgre. I to brev gjorde ho i detalj greie for ei rekkje forhold som ho omtalar som ei "mobbesak". I eitt av breva trugar ho med å melda Ingvar Torsvik Myrvollen til politiet.

Myrvollen har ei heilt anna oppfatning av dei påståtte tilhøva, men ønskjer ikkje å stilla til intervju. I ein e-post til NRK skriv han følgjande:

«Eg er kjent med påstandane frå Amanda Solvåg som tillitsvald i partiet. Det er veldig leitt at ho har oppfatta mi utøving av jobben som fylkessekretær på denne måten; det har aldri vore mi hensikt. Med bakgrunn i påstandane tok eg før jul initiativ til eit møte kor også min overordna var til stades. Der konstaterte vi at det var ganske stor usemje rundt dei påståtte tilhøva. Eg orsaka i dette møtet eit par av mine uttaler. Den tillitsvalde og eg vart deretter samde om å legge påstandane bak oss og saman sjå korleis vi best kunne jobbe saman i framtida. I respekt for dette ønskjer eg ikke å kommentere saka ytterlegare, men som eg har gjeve uttrykk for – har eg ei heilt anna oppfatning av dei påståtte tilhøva.»

Myrvollen ønskjer fredag ettermiddag å preisisera kva to uttaler han har orsaka til Solvåg og fleire andre i omtalte møtet desember 2015:

«1. I diskusjonen om nøkkel til partikontoret i samband med valdebatt ved Stryn vidaregåande skule i 2015 var eg usamd i avgjerda til Solvåg og gav uttrykk for det på ein kritikkverdig krass måte. 2. I diskusjonen om fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Unge Høgre i 2014 skulle lukkast eller ikkje - og at eg som vald møtefunksjonær frårådde møtelyden å gjere det - gav eg uttrykk for det på ein kritikkverdig måte.»

Arve Mjømen

LEI SAK: – Påstandane hennar er så alvorlege at slik skal ikkje finnast i partiet vårt, seier leiar Arve Mjømen i Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Oppvaskmøte

– Påstandane hennar er så alvorlege at slik skal ikkje finnast i partiet vårt, seier leiar Arve Mjømen i Sogn og Fjordane Høgre:

– Her er meiner den eine parten ein ting og den andre parten noko anna, men alle slike førespurnader blir tekne på høgste alvor.

Partileiinga kalla Myrvollen og Solvåg inn til eit møte i desember i fjor, der dei to fekk leggja fram sin versjon av saka.

Solvåg oppfatta utfallet av møtet heilt annleis enn Myrvollen og meiner dei ikkje var forlikte. Solvåg tykte dessutan at partileiinga framstod splitta under møtet, der partileiar Mjømen tok henne på alvor, men at 1. nestleiar Vidar Grønnevik ikkje i like stor grad gjorde det:

– I møtet sa Grønnevik at dette nok berre var ein kommunikasjonsfeil. Her sat eg og fortalte at eg kjende meg mobba, Eg felte tårer fordi dette var krevjande å snakka om, og så blir eg møtt med at dette berre er ein kommunikasjonsfeil, seier Solvåg.

Avviser bagatellisering

Vidar Grønnevik ønskjer ikkje å bli intervjua i NRK, men avviser at han i møtet bagatelliserte det Solvåg har opplevd.

Slik Grønnevik ser det, handlar konflikten om to partar som har strevd med å få til god kommunikasjon. Han seier at det kan skapa mistydingar ved at ein part kan leggja andre ting i ei utsegn enn det som var meint. Grønnevik strekar under at han var med på å ta initiativ til møtet.

Fylkesleiar Arve Mjømen er ikkje samd med nestleiaren sin i at konflikten botnar i ein kommunikasjonsfeil:

– Eg ville ha formulert meg noko annleis, men vil elles ikkje kommentera akkurat det.

Grip inn i leiarkamp

Striden mellom Amanda Solvåg og Ingvar Torsvik Myrvollen grip òg inn i den pågåande kampen mellom nettopp Mjømen og Grønnevik om å bli vald til ny leiar i Sogn og Fjordane Høgre på fylkesårsmøtet i februar.

Der har leiaren i Unge Høgre offentleg gitt Mjømen full støtte. Og NRK veit frå fleire hald at Myrvollen er ein støttespelar til Grønnevik, og at det i tillegg skal ha vore spenningar mellom Mjømen og Myrvollen over lengre tid.

– Blir Grønnevik leiar og får eit styre som er støttande til Myrvollen, har eg inga framtid i Høgre. Då pakkar eg sakene mine òg går.

Bør få sparken

– Kva kunne du sjølv ha gjort for å betra forholdet til Myrvollen, Solvåg?

– Ei sak har alltid to sider, men i denne saka her har eg vore konstruktiv heile vegen. Og det er ikkje berre eg i partiet som opplever dette. Det er nok å vera usamd med Myrvollen, så triggar ein noko i han som gjera samarbeidet krevjande. Så blir det ikkje snarleg og varig betring i oppførselen til Myrvollen, bør Høgre for sitt eige beste få han vekk. Ikkje berre for min del, men for heile Høgre sin del, seier Solvåg.