Hopp til innhold

Unge Høgre slår ring om Mjømen

Det bryggar opp til ny leiarstrid i Sogn og Fjordane Høgre. Medan Sogndal Høgre vil vrake Arve Mjømen til fordel for Vidar Grønnevik frå Florø, slår ungdommen i partiet ring om Mjømen.

Fylkesstyret i Unge Høgre

FYLKESSTYRET I UNGE HØGRE: Ungdommen i Høgre slår ring om Arve Mjømen som fylkesleiar

Foto: Ingar Torsvik Myrvollen / Høgre

– I Unge Høgre har vi valt å støtte Arve Mjømen fordi vi meiner han har gjort ein veldig god jobb for fylket dei siste fire åra, seier fylkesleiar Amanda Solvåg i Unge Høgre

Men i lokallaget i Sogndal meiner dei at fire år med Arve Mjømen som fylkesleiar er nok , og har gitt valnemnda beskjed om at dei ønskjer 1. nestleiar Vidar Grønnevik frå Florø som ny leiar.

– Det kan vera fornuftig med nye kostar, seier gruppeleiar Karin Vikane i Sogndal Høgre.

Ombestemte seg

Då Mjømen vart vald ved førre korsveg, sa han sjølv at han berre ville sitte i fire år. Men no har han ombestemt seg.

– Det er vi svært glade for, eg har sjølv vore ein av dei som har jobba for at Arve Mjømen skulle ombestemme seg.

Ved førre val vart Mjømen utfordra av florøværingen Bjørn Hollevik. Den gongen var Unge Høgre viktige for at han var attvalt. No kjem dei han til unnsetning på ny.

– Eg trur det vil vere positivt for Høgre å få ein leiar no, som ikkje er varaordførar eller sit i kontrollutvalet, men om kan fokusere på Høgre i Sogn og Fjordane, seier Solvåg.

Har stilt opp for dei unge

– Nokre vil kanskje meine at det er litt underleg at det er dei unge i Unge Høgre som kjempar for å få attvald ein mann på over 60-år som leiar?

Amanda Solvåg

VIL HA MJØMEN SOM LEIAR: Fylkesleiar Amanda Solvåg i Unge Høgre.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det kan så vere, men vi har samarbeidd godt med Arve Mjømen. Vi er heilt avhengige av å ha ein person vi kan samarbeide godt med, og han har vore ein av dei mest positive til Unge Høgre. Han tar alltid telefonen og er tilgjengeleg for oss nesten heile tida. Han kjem når vi ber han, så difor vil ha han med vidare, seier Solvåg.

Har vore synleg

Lokallaget i Sogndal har brukt mot Mjømen at han vore lite synleg i media. Det er ikkje Solvåg samd i.

–Vi tykkjer Arve Mjømen opptrer bra i media. Han er sakleg og tydleg og han har vore meir i NRK enn til dømes Vidar Grønnevik har vore dei siste to åra.

– Men Vidar Grønnevik har ikkje vore leiar dei siste to åra, og då er det kanskje ikkje så rart at han ikkje har vore den mest synlege?

– Det kan du seie, men som nestleiar står Grønnevik fritt til å kontakte media han også. Eg meiner at Arve Mjøen har opptredd bra i media. Han har ikkje vore sentral i konfliktar, men han er tydleg. Og eg set veldig pris på at vi ikkje har ein omstridd leiar, seier Solvåg.