Hopp til innhold

Kjenner seg kriminalisert

Tidlegare klinikkdirektør ved ortopediklinikken i Lærdal Wenche Lie Lysne stadefestar no at ho vart sagt opp fordi ho ga ein lege ved sjukehuset høgare løn.

 

Wenche Lie Lysne
Foto: Cosmin Cosma, NRK

NRK melde torsdag at dette var grunnen til at ho måtte slutte i jobben som assisterande klinikkdirektør.

Den tidlegare klinikkdirektøren seier ho kjenner seg kriminalisert av Helse Førde.

-Handla i god tru

Eg hadde fått vidareført fullmaktene frå tidlegare sjukehusdirektør og handla i god tru, seier ho til Sogn Avis.  

Lie Lysne meiner styreleiaren i Helse Førde har brote den gjensidige avtalen om ikkje å kommentere oppseiinga, og difor vel ho no å kome med sin versjon.