Hopp til innhold

Kjenner konkurransen frå Telenor – går likevel mot nytt rekordår

Eit halvt år er gått sidan Telenor for alvor melde seg inn i breibandkampen i Sogn og Fjordane. Det merkar dei lokale aktørane, men dei ønsker konkurransen velkommen.

Nandor Helgheim

REKORDÅR: I 2015 omsette Enivest for over 115 millionar. I 2016 reknar dei med ei auke på 10–12 prosent, seier dagleg leiar, Nandor Helgheim.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har hatt konkurranse heilt sidan vi starta opp, så dette er ingen uvand situasjon for oss. Først og fremst er det bra at fleire synest det er attraktivt å investere i Sogn og Fjordane, seier dagleg leiar i Enivest, Nandor Helgheim.

Det har gått eit knapt halvår sidan Telenor annonserte at dei skulle trappe opp satsinga på breiband i fylket, men så langt har dei ikkje kapra mange kundar frå dei lokale aktørane.

– Det er klart at vi merker det, men vi har fokus på våre lokale kundar og har framleis stor vekst, seier dagleg leiar i Ole Petter Hatlevoll i Sognenett.

Bra for kundane

Fleire aktørar i kampen om breibandkundane vil berre kome kundane til gode, meiner Hatlevoll og Helgheim.

Ole Petter Hatlevoll

KUNDANE FØRST: Dagleg leiar i Sognenett, Ole Petter Hatlevoll.

Foto: Privat / |

– Det er bra at Telenor kjem på bana og vil satse i Sogn og Fjordane. På den måten kan vi enklare få løyst utfordringa med å tilby breiband til dei 10–15 prosent av befolkninga som har vore ei utfordring til no, seier Hatlevoll i Sognenett.

– På sikt vil det gje kundane eit betre tilbod, og det er bra, seier Helgheim.

For sjølv om telegiganten har meldt seg på i kampen om kundane, har Enivest hatt stabil auke også i 2016.

– Vi fekk om lag 17–1800 nye fiberkundar, det utgjer 4000 husstandar over heile fylket, seier Helgheim. Til saman har vi no rundt 20.000 husstandar.

I 2015 omsette dei for 115 millionar, og for 2016 ser det ut til å gå mot ein auke på 10–12 prosent.

Vinn fram på offentlege anbod

Regiondirektør i Telenor og Canal Digital Kabel i region vest, Minh-Huy Tran, seier dei skal gå tyngre inn på privatmarknaden i tida framover.

– Satsinga i Sogn og Fjordane har gått over all forventning. Rundt i kommunane har vi til no vunne over tre firedelar av anboda i det offentlege. Så har vi ein plan for å kome sterkare inn på privatmarknaden etter kvart, samstundes som vi skal sjå på oppdatering av mobilmastene våre, seier Tran.