Hopp til innhold

Kjell Opseth går i protest

Trekkjer seg etter nye innsparingskrav frå Helse Vest.

Kjell Opseth
Foto: NRK

HØYR: - Begeret var fullt

Veteranen hadde svara ja på ein ny førespurnad frå Helse Vest, men etter at Helse Vest no vil påleggje Helse Førde endå ei ny innstramming toppa frustrasjonen seg.

 Vil bli friteken frå styret

Søndag sende Kjell Opseth e-post til Helse Vests administrerande direktør, Herlof Nilssen. Beskjed var at han han ber om å bli friteken frå styrevervet.

Opseth seier han tok avgjerda etter at Helse Vest-leiinga no vil nekte Helse Førde å skaffe seg større inntekter.

– Vi blir overstyrte på ein måte som er heilt i strid med intensjonane i helsereforma, og vi har ikkje handlingsrom tilbake. Då har eg ikkje lenger noko i dette styret å gjere, seier Opseth til firda.no.

Trist styreleiar

Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde seier til NRK at Opseth er ein av dei som kan mest om helsereforma i Sogn og Fjordane, og at det er svært trist at han trekkjer seg. 

Kjell Opseth har vore med i styret for Helse Førde sidan starten hausten 2001.