Hopp til innhold

Kjell (80) har alle norske løpsrekordar frå 400 til 5.000 meter

SKEI (NRK): Før veteran-NM i helga mangla Kjell Odd Steinset éin NM-rekord i samlinga si. Den tok han med glans i helga.

Kjell Odd Steinset

FIN FANGST: Kjell Odd Steinset frå Jølster har veggen full av medaljar, både frå innland og utland.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Med tida 14.14,9 var rekorden på 3.000 meter kjapt i boks.

– Eg var litt spent, men eg rekna med at eg skulle klare det. Sekundanten min var litt spent undervegs, men eg avslutta bra, så det gjekk, seier Steinset.

80-åringen frå Jølster hadde frå før norsk rekord på 400, 800, 1.500 og 5.000 meter i klassen 80+. Alle desse vart sette under nordisk meisterskap i Danmark litt tidlegare i år.

Steinset er klar på kva som er hemmelegheita når ein skal lukkast med springing.

– Det er to ting som er viktig. Eg har vore heldig og har fått gode genar frå foreldra mine, samt jamn, god trening heile tida, seier Steinset.

Trenar allsidig

Sjølv om han meir eller mindre har trent heile livet var det først då han vart pensjonist og fekk tid til å trene, at idrettskarrieren verkeleg skaut fart. Og Steinset meiner det aldri er for seint å byrje.

Men det er viktig å starte på ditt nivå. Du kan ikkje gå for hardt ut. Eg meiner alle bør trene litt, men ikkje på langt nær så mykje som meg, ler Steinset.

Men det han meiner er aller viktigast er å trene allsidig.

– Eg prøver å trene fire gonger i veka. Eg går på fjellet, trenar på bane, trenar styrke og tøyer og bøyer, seier Steinset.

I kjellaren sin har han styrkerom, der han mellom anna har laga seg ein vest med sandsekker, som veg 20 kilo. Den brukar han til spensthopp.

– Eg tek éin serie på 80 og to seriar på 85 repetisjonar, med ein god pause mellom, seier Steinset.

Kjell Steinset på 1.500 meter

KNUSTE REKORD: I mars knuste Kjell Odd Steinset norgesrekorden på 1.500 meter med 47 sekund.

Foto: Jan Svoen

Går ikkje for alle distansar

For å få fart på toppfarten, sver han til intervall.

– Intervalltrening er viktig for å få opp farten. Til dømes spring eg 300 meter x tre på bane. Då spring eg for fullt, med 10–12 minutt pause mellom kvar, seier Steinset.

Med NM-rekord på fem distansar, skulle ein kanskje tru at han ville gå for tre til?

– Eg er for treg til å ta rekord på 100 og 200 meter. På 10.000 meter kan det hende eg hadde hatt moglegheit, men eg har ikkje tenkt å ta den, seier Steinset.

– Men tenk å ha hatt alle norgesrekordane på alle distansar i klassen 80 til 85 år, det hadde vore noko?

– Jau, men det får no vere grenser. Eg er veldig godt nøgd med det eg har klart, seier Steinset.