Hopp til innhold

Kjell (60) søkte tilflukt i kjellaren

Då det storma som verst vesle nyttårsaftan søkte Kjell Sandal (60) tilflukt i kjellaren. Med straumen vekke måtte han stole på bjørkeved og stearinlys til det stilna.

Kjell Sandal på Isane i Bremanger

VINDFULL ROMJUL: Kjell Sandal på Isane i Bremanger har også i år fått kjenne på sterk vind. (Biletet er frå romjula i 2013 då familien også fekk kjenne på naturkreftene).

Foto: Hanne Sandal

– Eg for min del var ikkje redd, men eg kjenner meg tryggare der nede. Når det er mørkt ute har ein ikkje noko kontroll på kva som kan fyke rundt i lufta, seier Kjell Sandal.

60-åringen på Isane i Bremanger fortel om eit forferdeleg ruskevêr vesle nyttårsaftan. Den sterke vinden som slo inn over delar av Sør-Norge vart skummel i den vesle bygda i Nordfjord.

Jim Solheim filma desse videosnuttane ved Isane i Bremanger 30. desember.

JSÅ VIDEO: Jim Solheim måtte forevige synet som møtte han ved Isane vesle nyttårsaftan. (FOTO: JIM SOLHEIM/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

– Det varte så lenge også. Det starta i 11-tida på føremiddagen, og først i 22-tida på kvelden stilna det litt, fortel Sandal.

Han seier halvvegs spøkefullt at dei har blitt vande med uvêr i romjula. Sist, første juledag 2013, torde dei seg nesten ikkje utomhus.

Sjøråka stod høgt

I år vart det ein liknande dag vesle nyttårsaftan.

– Vinterstid kan eg ikkje hugse anna enn desse siste åra at det har vore så ille her, seier Sandal og fortel at det aldri er liknande vêr når det er snø og kaldt vêr.

Han seier Isefjorden er kjent for å vere stygg når det bles frå sør. Fjellet Aksla som ligg litt lenger inne er vel 600 meter høgt, og til og med over det stod sjøråka på det verste, fortel Sandal.

Sterk vind

STERK VIND: Sjøråka stod høgt opp etter fjellsidene på Isane vesle nyttårsaftan.

Foto: Jim Solheim

– Målte 47 meter i sekundet

Delar av dagen var bygda heilt isolert. Vegen mot Ålfoten var stengd av fleire tre og ferja som går mellom Isane og Stårheim slutta å gå etter klokka 16.20. I tillegg var straumen vekke.

– Det var fint vêr på Stårheim, men då vi kom inn i Isefjorden var det nokre veldige kastevindar. Ein annan båt i området målte vind til 47 meter i sekundet, fortel overstyrmann Sindre Willumsen på MF «Sunnfjord».

Når det i tillegg var stummande mørkt på heile Isane torde dei ikkje prøve å leggje til.

Vinden herjar på Isane.

VIND: Ein ser tydeleg av bileta korleis vinden herja på Isane.

Foto: Jim Solheim

Gjekk i kjellaren

Heime hos Kjell Sandal var dei tre personar. Han sjølv, kona og den eldste dottera. Då det stod på som verst søkte dei ly i kjellaren.

– Det vi frykta var at det skulle kome noko fykande inn glasa. Om det hadde skjedd og glasa hadde knust hadde vi lege dårleg an. Men vi fyrte i omnen og hadde med oss stearinlys og lommelykt. Vi er budde på uvêr og var i kjellaren i halvanna time.

Første nyttårsdag er situasjonen ein heilt annan.

– Ja, no har vi både fjernsyn og lys. Så vi må få skryte litt av karane i kraftselskapet, dei gjer ein kjempejobb. Det har ikkje hatt gode forhold å jobbe med når vêret stod på.

Lenger sør i Bremanger herja vinden med taket på symjehallen vesle nyttårsaftan, og folk vart bedne om å halde seg innandørs. Ein brann i eit bustadhus var vanskeleg å sløkkje i veldige kastevindar.