Hopp til innhold

Katten Banjo måtte amputere etter ha blitt skoten på med hagle

Då den heimlause katten Banjo kom inn til dyrlegen, oppdaga dei at metallsplintar var årsaka til at han halta på eine beinet.

Røntgenfoto av katten Banjo

RØNTGENBILDE: På bildet er det lett å sjå metallsplintane som har gitt katten plager.

Foto: Sogn Dyreklinikk

– Då dei undersøkte foten hadde dei sett det var metallsplittar i olbogeleddet. Det betyr at han er blitt skoten på. Det var fullt av blyfragment i olbogeleddet. Det var difor han gjekk og halta, fortel Marita Melheim i Dyrebeskyttelsen Norge, avdeling Sogn og Fjordane.

Ho er også fôrvert og har hatt katten hos seg sidan slutten av mai. Han blei henta etter i lang tid ha gått ute i Bremanger. Katten halta då dei tok han til seg. Ho blei sjokkert då dyrlegen fortalde årsaka.

Katten Banjo

MÅTTE OPERERE: Katten Banjo måtte amputere eine foten grunna skadane frå metallsplintane.

Foto: Marita Melheim

– Det er heilt forferdeleg, eg fekk sjokk då ho sa det. Kva som har skjedd eller kven som har gjort det, veit eg ikkje, seier ho.

Måtte amputere

Katten blei nyleg operert ved Sogn Dyreklinikk, den skadde foten måtte amputerast. Melheim seier at Dyrebeskyttelsen Norge vil melde katteskytinga til politiet. Ho stiller spørsmål ved korleis nokon kan skade eit dyr slik.

Marita Melheim

SJOKKERT: Marita Melheim i Dyrebeskyttelsen Norge er opprørt over historia til katten. Ho har no katten heime hos seg i vente på at han skal få ein ny heim.

Foto: PRIVAT

– Har skota treft tilfeldig eller har dei faktisk prøvde å sikte på han og så skadeskote han og ikkje gjort noko med det? I så fall er det heilt vilt at folk kan gjere det.

Dyrlege Hanne E. H. Kristensen ved Florø Dyreklinikk undersøkte katten då han blei henta i mai månad.

– Dette er dessverre ikkje noko nytt, men noko eg har sett litt for ofte i min karriere som dyrlege. Utfordringa er at det kan gå rundt fleire dyr med slike skadar, det vere seg kattar eller fuglar, seier ho.

Kristensen seier det i nokre tilfelle kan dreie seg om folk som ønskjer å avlive ein katt, andre gonger er det folk som vil skyte på dyret med vilje.

– Å skyte ein katt med slikt resultat er for meg uønskt, uforståeleg og umoralsk. Det er heller ikkje lovleg, seier Kristensen.

Ho viser til at det ikkje er ulovleg å avlive eit dyr ved skyting, dersom det blir gjort på ein fagleg forsvarleg måte.

Har plikt til å hjelpe

Ser ein kattar eller andre dyr som lir, har ein plikt til å hjelpe dei, seier Kristensen. Ho oppmodar folk som kjem over slike dyr, til å søke hjelp.

– Er dyret vanskeleg å fange, kan du få hjelp av Dyrebeskyttelsen eller veterinær. Om du tek dyret med til veterinær er du ikkje økonomisk pliktig, veterinærar kan søke midlar til å dekke slike utgifter, fortel Kristensen.

Ho tilrår også på det sterkaste å ID-merke kattar, slik at det er mogleg å spore opp kven som eig katten.

– Det er ei stor utfordring når ein ikkje veit kven som eig dyra, seier Kristensen.

Leitar etter ny heim

Det er ikkje mange dagane sidan Banjo var operert. Dyrebeskyttelsen Norge samlar inn pengar for å dekke kostnadene. Katten ser ut til å vere på betringas veg.

– No ser det ut til at han held på å fått tilbake sitt gamle blikk, men han er framleis redusert, fortel ho.

Dei leitar no etter ein meir permanent heim for katten.

– Vi kjem til å legge han ut for adopsjon når han er rehabilitert, og prøve å finne ein varig heim til han.

Røngtenbilde av katten Banjo

RØNTGENBILDE: På bildet er det lett å sjå metallsplintane som har gitt katten plager.